Sykepleiere i hvit uniform

Gastro og nyre sengepost

Vi undersøker og behandlar pasientar med sjukdomar i mage, tarm, lever og nyrer.

Dei vanlegaste tilstandane vi undersøker og behandlar er blødningar og betennelsar i tarm og mage, elektrolyttforstyrringar og nyre- og leversvikt.

Vi tar imot pasientar med akutt eller kronisk nyresvikt, som treng dialyse, og dei som har transplantert nyre og lever.  

Dei fleste pasientane som kjem til oss blir akutt innlagde via legevakta eller akuttmottaket. Eit fåtal pasientar blir tilvist til oss for utgreiing. Fleire av dei som kjem til oss kan vere innlagd over tid og opptil fleire gonger. Vi kjenner derfor pasientgruppa vår godt.  

Hos oss møter du

Vi har to team som varetar 12 sengepostar. Blant våre tilsette har vi sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar og sekretærar. Vi har også gastrolegar og nyrelegar som i tillegg til å følgje opp pasientar på sengeplassar, jobbar på dialyse og nyremedisinsk poliklinikk og gastroenterologisk poliklinikk. 

Samarbeid med andre avdelingar

Vi har eit tett samarbeid med dialyse og nyremedisinsk poliklinikk og gastroenterologisk poliklinikk, og hjelper også pasientar som er innlagde på andre avdelingar når dei treng dialyse eller dialyseopplæring.  

For pasientar og pårørande

Legevisitten er frå kl. 09.30 til 11.00 (måndag) og frå kl. 09.15 til 11.00 (tysdag til fredag).  

Ordinær besøkstid er mellom klokka 17.00 og 18.30 alle dagar. 

På grunn av høg aktivitet blant dei tilsette på dagtid, ber vi om pårørande om å kome når det er ordinær besøkstid.  

Nokre av våre pasientar må vere i isolasjon grunna smittevernomsyn. Det betyr at dei ikkje kan forlate rommet sitt før dei er ferdig med behandlinga/før dei er smittefrie. 

Viss du skal besøke ein pasient som er i isolasjon, må du ta kontakt med personalet i skranken. Vi skal rettleie deg i rutinane du må følgje for å beskytte deg mot smitte under besøket.   

Vi er ein døgnbemanna sengepost, og det er alltid helsepersonell tilstade viss du har akutt behov for kontakt.   

På dagtid kan du ringe telefon 95 02 74 36. Då kjem du til vår postsekretær. Ho er tilgjengelig mellom kl. 07:00-14:30.  

kan du ta kontakt med vår postsekretær i skranken. Ho kan svare ut spørsmåla dine.  

Før du kjem må du hugse å ta med deg lette kleder, personlege hygieneartiklar og telefonladar. Du må bruke dine eigne kler når du skal ete i kantina.  

Når du blir utskriven, må du sjekke at du har pakka alle eigedelane dine.  

Blodprøver blir som regel tatt til faste tider. Skal du ta blodprøvar er det viktig at du er ved senga til desse er tatt.  Dei fleste blodprøvesvar kjem same dag, men nokre prøvar må sendast til analyse ved andre laboratorie, og tar derfor lengre tid. 

Dei fleste undersøkingar skjer mellom kl. 08.00 og 16.00 på vekedagar. Merk at det kan bli noko venting. 

Måltid blir servert i pasientkantina i 5. etasje, eller på rommet for dei som av helsemessige årsaker ikkje kan gå ut. 

Frukost kl. 08.00 – 09.30 
Lunsj kl. 11.30 – 13.00 
Middag kl. 14.30 – 15.30 
Kveldsmat kl. 18.30 – 19.30 

Dersom du har spesielle ønsker eller omsyn å ta med tanke på diett, er det fint om du gir beskjed så tidleg som mogleg.

Pårørande kan bruke felleskantina i 6. etasje eller kjøpe seg mat i Narvesen-kiosken i 1. etasje. Felleskantina er open måndag til fredag kl. 09.30-15.15, og er stengt alle helger og heilagdagar.

Hugs at god handhygiene er ekstra viktig når du er på sjukehuset, både av omsyn til deg sjølv og dine medpasientar. 

På Dialyseavdelinga og Gastro/nyre-sengeposten har vi planlagde (elektive) innleggelsar med opplæring til dei som må ta skal starte med posedialyse (peritonealdialyse) heime.  

For tilvisarar

I tilfelle kor pasientar treng førebuing til koloskopi, håper vi fastlegar kan tilvise pasientane til tarmtømming hos kommunale tenester.

Sjå kommunale nettsider for informasjon, eller ta kontakt med tilgjengelege kommunale hjelpetenestar. 

For jobbsøkarar

Viss du er interessert i indremedisin, er vi alltid på jakt etter dyktige medarbeidarar.  

Hos oss får du jobbe i eit triveleg arbeidsmiljø og i team. Du får spesialisere deg i dialysebehandling som blir brukt av fleire andre avdelingar på sjukehuset. Du får også moglegheita til å bli godt kjent med pasientgruppa vår over tid.  

Vi er opptatt av kvalitet i tenestene våre, og jobbar stadig for å utbetre vår kompetanse og tenester. Våre tilsette får tilbod om kurs og kompetanseutvikling, og vi tilpassar opplæringa etter deira behov. 

I 2027 skal avdelinga vår flytte over i ei ny sjukehusblokk som er under bygging ved Haugesund sjukehus.   

Ta gjerne kontakt med oss viss du har spørsmål om avdelinga. 

Sjå også Jobb i Helse Fonna

Kontakt

Døgnopent sentralbord

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved resepsjonen i 1. etasje. 

Av omsyn til medpasientar og planlagde behandlingar på dagtid, ber vi om at besøk av pasientar skjer i visittida frå kl. 17.00 til 18.30 alle dagar. Kontakt personalet om du ønsker andre avtalar. 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.