Et nærbilde av en datamaskin

Svangerskap og gynekologisk poliklinikk, Haugesund

Gynekologisk poliklinikk har utgreiing, behandling og kontroll av sjukdommar og plager i underlivet, og behandling knytt til abort - inkludert forundersøking og samtale før operasjon. Svangerskapspoliklinikken har utgreiing, oppfølging og kontroll av alle risikosvangerskap, i tillegg til tidleg ultralyd og rutine ultralyd. Pasientar blir tilvist oss frå fastlege eller kommunejordmor.

Våre vanlegaste oppgåver innan gynekologi

  • Blødingsforstyrringar
  • Infeksjonar
  • Smerteproblematikk
  • Infertilitet
  • Muskelknutar
  • Cystar
  • Prevensjonsproblem
  • Ønske om sterilisering
  • Urinlekkasje
  • Vaginalt framfall
  • Celleforandringar

Vi utfører også mindre inngrep med lokalbedøving, som konisering og nokre typar hysteroskopi. Sjå informasjon om kolposkopi og konisering på kreftregisteret.no.

Du kan lese meir om behandlingane våre nedst på denne sida.

Kreft

Ved kreft i underlivet gjer vi undersøkingar og utgreiingar. Behandling og operasjon blir ofte tilvist vidare til Haukeland universitetssjukehus.

Les meir om pakkeforløp for kreft på helsenorge.no.

Nyttige lenker

Kontakt

Kontaktsenter

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Opningstider gjeld poliklinikken

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss 3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå inn resepsjonen i 1. etasje, deretter gjennom dei doble dørene ved Narvesen kiosken og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

      Sjølvbetjent innsjekk og betaling

      1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

      Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

      Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

      Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no

      Les meir om sjølvbetjent innsjekk og betaling
      Et skjermbilde av en telefon

      Avdelingar

      0 treff
        Sjekk stavinga og prøv eventuelt eit anna ord.