Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Gynekologisk eining

Informasjon til deg som skal opererast

Her finn du informasjon om korleis du førebur deg til operasjonen, kva som skjer på sjukehuset og etter operasjonen.

Før operasjonen

Dette må du hugse:

  • Dusj kvelden før.
  • Unngå parfyme og hudkrem etter dusjing.
  • Ikkje fjern eller barber hår ved operasjonsområdet sjølv – dette blir gjort på sjukehuset.
  • Fjern neglelakk og sminke.
  • Ta av smykker, klokker og piercingar.
  • Bruk lause, praktiske klede, til dømes joggedress.
  • Vel sko som er enkle å ta av og på. Du får sjukehusklede når du kjem.
  • Du må faste frå kl. 24.00 dagen før operasjonen.
  • Unngå røyk, snus og tyggegummi dei siste to timane før operasjonen.
  • Du kan drikke vatn fram til to timar før oppmøte på sjukehuset.

Operasjonsdagen

Dette må du hugse:

  • Gjer eit lett morgonstell.
  • Følg instruksane om oppmøte i innkallingsbrevet.
  • Dei fleste av pasientane møter i samedagsmottaket i 1. etasje.
  • Du får beskjed om kva medisinar du skal ta denne dagen.

Etter operasjonen

  • Du blir på overvakinga til du er klar for sengeposten.
  • Dei fleste ligg på sengeposten i eitt døgn. Nokre reiser heim same dag.
  • Dei fleste får urinkateter under operasjonen. Dette blir fjerna når du er klar for det. 
  • Da kan vanlegvis kome deg opp og vere i rørsle når du kjem til sengeposten.
  • Stinga treng ikkje fjernast. Du får beskjed dersom noko anna gjeld. 
  • Bandasjen skal sitje på i 72 timar dersom han er tørr.
  • Du kan dusje etter tre dagar med bandasjen på.
  • Etter dusjing tek du av bandasjen, let såret lufttørke og legg på ny bandasje.
  • Ta kontakt med avdelinga dersom du får aukande smerter, bløding, feber eller andre teikn på infeksjon.
Sist oppdatert 07.05.2026