Kva er samtykke?
Når to er einige og seier ja. Begge må ha lyst til å vere med.
Det betyr at de er einige om at det er greitt å:
- Ta på kvarandre
- Klemme
- Kysse
- Ha sex
Dette kallar vi seksuell kontakt.
Kvifor er samtykke viktig?
- Alle skal kjenne seg trygge og glade
- Du bestemmer over kroppen din
- Du veit kva som skjer med deg
Det er ulovleg å tvinge nokon til å gjere noko seksuelt dei ikkje har lyst til.
Skal de ha sex, må begge vere over 16 år.
Kven kan du ikkje ha seksuell kontakt med?
Du kan ikkje ha seksuell kontakt med nokon som jobbar for deg.
Det kan vere:
- Ein støttekontakt
- Ein lærar
- Ein lege
Korleis får eg samtykke?
Snakk med kvarandre. Spør om den andre har lyst. Nokon kan også vise samtykke ved å:
- Smile
- Gi positive signal
Spør på nytt, dei kan ha endra meining. Er du usikker, må du stoppe og spørje igjen.
Skjer noko av dette, må du stoppe
- Dei ser ikkje glade ut
- Dei seier dei ikkje vil
- Dei dyttar deg bort
- Dei sluttar å røre seg
- Dei har vondt
- Dei græt
Samtykke kan ikkje gjevast når nokon
- Søv
- Er fulle
- Har teke for mykje medisin eller narkotika
- Ikkje skjønar kva som skjer
Skjer noko av dette, må du ikkje ha seksuell kontakt med personen.
Kven kan eg spørje om eg lurer på noko?
- Ein ven
- Ein støttekontakt eller assistent
- Familien din
- Ein lege eller helsesjukepleiar
- Ein lærar
Sist oppdatert 07.08.2025