Hemato/endo/infeksjon

Velkommen til oss.

Hos oss finn du hematologisk team og endokrinologisk- og infeksjonsteam.

Vi er legar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og sekretær. Du vil også treffe legestudentar, sjukepleiestudentar og helsefagarbeiderlærling.

Besøkstid er 17.00-18.30  alle dagar. Besøk utanom desse tidene må avtalast med personalet. Det er ikkje lov å ha blomar på avdelinga.

Vi ønskjer at du har med privat tøy, gode sko og toalettsaker. Det er ikkje lov med blomar eller bruk av sterk parfyme.

God handhygiene er ekstra viktig når du er på sjukehuset. Både for deg sjølv og dei andre pasientar.


Under opphaldet

Legevisitten er mellom klokka 10.00 og 12.00 alle kvardagar.


Har dine pårørande ønskje om å delta på legevisitten, kan dette avtalast på avdelinga. Vi ønskjer å forholde oss til ein hovudpårørande under opphaldet. Denne kan dele informasjon som blir gitt til resten av familien.

Blodprøver er ei viktig del av utgreiinga. For at behandlingsflyten skal bli best mogleg er det viktig at du er på rommet ditt den tida vi tar blodprøva.

Høyr med personalet om når du skal ta blodprøve.


Det er viktig at namnebandet du får er på under heile opphaldet.

Dei fleste undersøkingar skjer mellom klokka 8.00 og 16.00 på vekedagar. Nokre undersøkingar krev førebuing. Du får nærare informasjon om dette.

Tidspunkt for undersøkingar kan vere vanskeleg å gi, venting må difor påreknast.

Eigne skap på gangen har pasienttøy. Dei er merka med kva tøy dei innheld. Du kan hente tøy ved behov.

Det trådlause nettverket er gratis for pasientar, pårørande og besøkande. Sjå etter gjest.ihelse.net på din mobil eller datamaskin. Bruk mobilnummeret ditt for å motta kode for innlogging.

Du kan bruke mobiltelefon hos oss. Bruk gjerne denne når du skal kontakte familie og vener.


Av omsyn til medpasientar og personalet er det greit om du avgrenser talet på telefonsamtalar inne på pasientrommet.


Du kan gjerne sjølv orientere pårørande om sjukdomsforløpet, utreise med meir. Har dine pårørande behov for å snakke med sjukepleiar eller lege er de hjertelig velkommen til å ta kontakt. 


  • Telefonnummeret til avdelinga er 52 73 29 73/52 73 25 30.

Måltidene blir servert i pasientkantina eller på rommet for dei som av helsemessige årsaker ikkje kan gå til kantina.

Når du går i kantina må du ha på deg privat tøy.


Det er den same maten som serverast til alle. Har du matallergi eller andre særskilte behov må du gi beskjed til personalet om dette.


Vi har eit pasientkjøleskap i stova. Her kan du sette privat mat og drikke om ønskjeleg. Dette må merkast med initialar og fjernast ved utreise. På gangen har vi vanndispenser du kan nytte.


Tidspunkt for måltid

  • Frukost: 8.00-09.30
  • Lunsj: 11.30-13.00
  •  Middag: 14.30-15.30
  • Kveldsmat: 18.30-19.30

Medisinane du treng under sjukehusopphaldet får du hos oss. Dersom du skal ha intravenøs antibiotika, blir dette gitt til faste tider.

Gi oss beskjed dersom du har behov for å snakke med prest eller sosionom.

Har du kommunal hjelp eller er det oppstått behov for kommunal hjelp, vil i løpet av det første døgnet bli sendt melding til kommunen om innleggingsårsak, behandlingsforløp, hjelpebehov ved utreise og cirka utreisedato.


Vurderingar gjort under opphaldet blir sendt til kommunen.


Ved utreisedag er det kommunen som fattar vedtak for kva hjelp du kan få ut i frå dei opplysingane som er sendt frå oss.

Sjukehusapoteket ligg i første etasje ved resepsjonen. Opningstider er måndag til fredag mellom klokka 9.00 og 16.30.

Pasientreiser dekker billigste reisemåte (buss). Dersom det er medisinske årsaker til at du treng drosje heim, får du dekka dette.

Det er også fint om pårørande kan hente ved heimreise.


Sjå også www.pasientreiser.no for å søke om refusjon for transport. Det er ikkje refusjon til transport ved permisjon.

Sjukehuset ikkje har ansvar for private eigedeler og verdisaker.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Haugesund sjukehus, 5. etasje.

Besøkstider

  • I dag 16:00 - 17:30
  • Måndag 16:00 - 17:30
  • Tysdag 16:00 - 17:30
  • Onsdag 16:00 - 17:30
  • Torsdag 16:00 - 17:30
  • Fredag 16:00 - 17:30
  • Laurdag 16:00 - 17:30
  • Søndag 16:00 - 17:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund