Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et nærbilde av en trappeoppgang

Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Vi undersøker, utgreier og behandlar pasientar med diabetes, endokrinologiske sjukdommar, infeksjonssjukdommar og blodsjukdommar.

Mange av våre pasientar kjem til oss for utgreiing av sjukdom, eller behandling og kontroll av påvist sjukdom.  

Vi jobbar innan fleire fagområder:  

  • Hematologi (blodsjukdommar) 
  • Endokrinologi (hormonsjukdommar og diabetes) 
  • Infeksjonar

Alle pasientar som kjem til poliklinikken er tilvist frå lege, andre avdelingar på Haugesund sjukehus, eller frå andre sjukehus.  

Poliklinikken sender deg eit innkallingsbrev om tid og stad for timen din, og kva undersøkingar du eventuelt skal ha. Du vil få innkallingsbrev digitalt via helsenorge.no, og der kan du også sende meldingar til oss om du har spørsmål eller må endre timen din. Har du ikkje tilgang til helsenorge.no eller annan digital postkasse, vil du få brevet i postkassen din som før. 

NB! Det er viktig at du leser innkallingsbrevet i god tid før timen. Ofte står det at du må ta blodprøvar før du kjem til timen. Prøvane kan du ta hos din fastlege eller på laboratoriet på sjukehuset. 

I innkallingsbrevet står det opplysningar om: 

  • Blodprøvar: du får beskjed om du må ta blodprøvar ved poliklinikken, eller før du kjem til timen. Prøvane kan du ta hos din fastlege eller på laboratoriet på sjukehuset. 
  • Medisinar: Ved første konsultasjon må du hugse å ta med medisinoversikt som bør innehalde namn på medisin, dose og hyppigheit av faste- og behovsmedisinar du bruker. 
  • Informasjon om kva for avtalar som er gjort i samanheng med konsultasjonen. 
  • Parkering: Vi oppfordrar pasientar til å bruke offentleg transport, då det kan vere vanskeleg å finne parkering nære sjukehuset. Viss du brukar eigen bil, må du berekne god tid til parkering.   

Dersom du har behov for å endre timen din, oppfordrar vi deg til å gjere dette digitalt via Helsenorge.no. 

Vi anbefaler at du møter opp til timen du har fått tildelt. Dersom du vel å bytte time, kan det bli lang ventetid på grunn av stor pågang. 

Sjå også Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF 

Som pasient får du tekstmelding på telefon (SMS) før du kjem til time hos oss.  

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

  • Registrer din innkomst ved å følgje rettleiinga i tekstmeldinga du får frå oss.
     
  • Deretter kan du sette deg i ventesone 5A. Her ventar du til du blir kalla inn.

  • Du får ny tekstmelding når det er din tur. Denne meldinga vil også seie kor du skal gå.  

Når du er ferdig med timen, får du ny tekstmelding med informasjon om betaling.

Du kan enten betale med Vipps, faktura eller i betalingsautomaten ved resepsjonen i 1. etasje.  

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Etter at diagnose er stilt vurderer lege om du vil ha nytte av ytterlegare medisinsk behandling.

Nokre pasientar kjem til kontroll etter å ha vore innlagde på sjukehuset, og ein del pasientar med kroniske sjukdommar blir jamleg undersøkt av spesialistar i poliklinikken.  

Behandlarane våre har polikliniske konsultasjonar måndag til fredag.  

Dei som kjem til oss blir av og til tilvist frå ei anna avdeling på sjukehuset eller andre sjukehus.

Når du får infusjonsbehandling hos oss sitter du ofte i ein lenestol saman med andre pasientar mens du får behandling. Ein sjukepleiar har ansvar for deg under behandlinga. 

Det er opp til lege eller sjukepleier om du kan ha følge med inn til konsultasjonen.  Ved behandling ved medisinsk dagbehandling ønskjer vi at pårørande venter i ventesone, viss ikkje noko anna er avtalt. Dette av omsyn til at ein sitter saman med andre pasientar under behandlinga 

På poliklinikken møter du: 

  • Legar med spesialisering innan blodsjukdommar (hematologi) 
  • Legar med spesialisering innan hormonsjukdommar og diabetes  (endokrinologi) 
  • Legar med spesialisering innan infeksjonssjukdommar 
  • Diabetessjukepleiar 
  • Infeksjonssjukepleiar 
  • Sårsjukepleiar 
  • MS-sjukepleiar 
  • Mage/tarm sjukepleiar  
  • Fotterapeutar 
  • Sekretærar 

Ta kontakt med dei som jobbar i skranken på poliklinikken i 5. etasje. Dei kan svare på spørsmål.

Du kan også ta kontakt med oss på telefon, via pasientjournalsystem eller Helsenorge.no. 

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Telefonen er stengt i helger og helilagdagar. Sjå helsenorge.no for informasjon om timen din. Der kan du ved behov også endre timen din.

Endre time

Logg inn på helsenorge.no
For å sende brev/dokument med personsensitive opplysningar, bruk eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.