Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kar/thorax poliklinikk Haugesund

Informasjon til legar som tilviser pasientar til oss

Denne informasjonen er retta mot tilvisande legar og gir ei kort oversikt over viktige vurderingar før pasientar blir sendt til behandling ved poliklinikken.

Inngrodd tånegl

Før du tilviser pasienten til oss for kilereseksjon, bør du vurdere å oppmode pasienten om å gå til fotterapeut. Fotterapeutar løyser ofte problemet med inngrodd tånegl utan at det trengst invasiv behandling.

Sårpoliklinikk

Sårpoliklinikken vår har legedekning berre ein dag i veka og er difor ikkje open dagleg. Vi hjelper deg gjerne med vurdering og utarbeiding av sårprosedyre, men har ikkje kapasitet til å ta over den daglege sårbehandlinga. 

Vi tilbyr også videokonsultasjonar, slik at både du, pasienten og heimetenesta kan få rettleiing.

Les meir om Videokonsultasjonar via join.nhn.no - Helse Fonna HF

Sist oppdatert 25.02.2026