Kirurgi Haugesund

Augepoliklinikken behandlar og følgjer opp pasientar med grå stær, grøn stær, diabetes, opphovning i auget og endringar på netthinna. Etterstær, grøn stær og netthinnesjukdommar blir behandla med laser. Vi behandlar også endringar ved augelokket og tunge augelokk. Vi tar imot akutte skadar eller tilstandar etter tilvising frå lege eller optikar. Augepoliklinikken held til i 4. etg på Haugesund sjukehus.

Gå til avdelingsside for auge

Brystsenteret arbeidar med utgreiin og behandling av sjukdom i bryst; infeksjonar, godarta svulstar og kreft. Vi kontrollera også eit stort antal pasientar etter behandling/kirurgi. Vi har eit tett samarbeid med Brystdiagnostisk Senter.

Brystsenteret har også ansvar for utgreiing og eventuelt kontroll av forandringar i skjoldbruskjertel.

Vi held til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

Behandling kirurgisk poliklinikk

Generell kirurgi

All utgreiing, inkludert mamma og endokrin. Det vil seie bryskjertelen og hormonproduserande organ. I hovudsak bryst, skjoldbrusk- og biskjoldbruskkjertel.

Kirurgisk gastro

All utgreiing, inkludert rectoskopi, analultralyd-undersøking. Dette er kirugi og undersøkingar som dreier seg om mage og tarmsystemet.

Kar/thorax

All utgreiing, inkludert dopplerundersøking og ultralydundersøking. Kar/thorax dreier seg i hovudsak om hjarte og blodårer.

Ortopedi

All utgreiing samt ein del mindre ortopediske inngrep. Ortopedisk kirurgi tek for seg røyrsle og støtteapparatet i kroppen. Døme på dette kan vere klumpfot, medfødde hofteleddslukasjon, slitasjesjukdommar og akutte skadar på skjelett-muskel-systemet. Gå til avdelingsside for ortopedi.

Urologi

All utgreiing. Urologi er læra om sjukdom i nyrene og urinvegane.

Generell kirurgi

Hernie (brokk), varicer (åreknutar), sacralcyster (tvilling), større inngrep som treng meir anestesi.

Barnekirurgi

Hernie (brokk).

Kirurgisk gastro

Hemorroider, galleoperasjon.

Ortopedi

Kikkhullsundersøking, operasjonar av anklar, knær, skuldre, ryggoperasjonar, fjerne osteosyntese (platar, skruar eller naglar som har vore ein del av behandlinga i samband med botskadar), og ein del andre ortopediske inngrep. Gå til avdelingsside for ortopedi.

Auge

Grå og grøn stær

Ved Seksjon for gynekologi hjelper vi pasientar med alt frå svangerskapskvalme, abort og underlivssmerter til komplikasjonar etter fødsel. Hos oss får også kvinner med kreft i underlivet tilbod om utgreiing, diagnostisering, operasjon og etterbehandling.

Gå til avdelingsside for gynekologi.

Vi utfører vanlege ortopediske inngrep som hofteprotese, kneprotese, spinalstenose og prolapsoperasjonar. I tillegg behandlar vi brotskadar og andre skadar som høyrer til fagfeltet. Pasientar med lårhalsbrot er den vanlegaste og mest krevjande pasientgruppa vi har med om lag 200 pasientar i året.
Protesepasientane og ryggpasientane blir innlagde etter søknad frå fastlegen og undersøking hos ortoped. Avdelinga er praksisplass for sjukepleiarstudentar og hospitantar som kjem frå kommunen. Vi har fast fysioterapeut knytt til posten.

Gå til avdelingsside for ortopedi.

Når ein nærmar seg sluttfasen i livet grunna sjukdom, kan ein få symptom som kan vere vanskelege å handtere. Det tverrfaglege palliative teamet er spesielt utdanna og trent til å dels sjå etter, finne og lindre dette.

Kva er palliativ behandling?

Palliativ behandling er lindrande behandling. Dette er ei, i aller høgste grad, aktiv behandling. Ordet palliasjon kjem av det latinske ordet pallium som betyr dekke eller teppe.

Kven er det som har behov for palliativ behandling?

Menneske som ikkje kan kurerast av sin sjukdom og som har avgrensa tid igjen å leve er brukargruppa. Dette er ofte pasientar med kreft, men òg pasientar med andre livstruande sjukdommar kan ha behov for denne behandlinga.

Nokre døme på dette er pasientar med nevrologiske sjukdommar som MS eller ALS, hjertesjukdommar som hjertesvikt, eller lungesjukdommar som KOLS.

Det er med andre ord ikkje avgrensa til spesielle sjukdommar.

Korleis gir ein palliativ behandling?

Når ein nærmar seg sluttfasen i livet på grunn av sjukdom kan ein få symptom som kan vere vanskelege å handtere. Dette er til dømes smerter, kvalme eller pustevanskar.

Med spesialistkompetanse i symptomlindring vil det som regel vere mogleg å lindre desse i betydeleg grad. Dette kan involvere diverse smertepumper, spesielle medisinkombinasjonar, kirurgi, strålebehandling eller lindrande kurar med cellegift.

Det er ofte andre spørsmål som òg kan vere vanskelege, som samlivs- eller familieproblem, praktiske problem når ein ønskjer å vere lengst mogleg heime, eller økonomiske spørsmål. Mange treng støtte til å handtere følelsar av sorg og tap. Andelege og eksistensielle behov vil og ofte avdekkast eller oppstå i denne delen av livet. Slike problemstillingar ligg også til palliativt team.

Korleis arbeidar palliativt team?

Palliativt team ser til pasientane etter å ha mottatt tilvising.

Palliativt team ser til tilviste eller innlagde pasientar, og dei kan gjere heimebesøk, besøk på sjukeheim eller møte pasienten poliklinisk.

Kven arbeidar i palliativt team?

Teamet består av ein lege, sjukepleiar, prest, fysioterapeut og sosionom. Andre kan ved behov trekkast inn. Alle i teamet har erfaring og spesialkunnskap innan lindrande behandling.

Avdeling for urologi utgreier og behandlar  sjukdomar i urinvegane for menn, kvinner og barn. Urologi omfattar og sjukdommar og tilstandar i dei mannlege kjønnsorgana.

Vi driv med utgreiing og behandling av øyre-nase-hals-sjukdommar, dette inkluderer snorking og allergi. Vi utfører også dei fleste av dei mest vanlege kirurgiske inngrepa innanfor fagområdet. Helse Fonna har eigen høyrselssentral der vi driv med utgreiing og behandling av pasientar med dårleg høyrsel.

Gå til avdelingsside for ØNH

Slik finn du fram

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Refusjon for tømmemiddel

Ei tømming av tarmen krev bruk av eigne middel. Du som er pasient hos oss, eller hos privat aktør som har avtale med Helse Vest RHF, kan få igjen utlegg du har hatt til tømmemiddel.

Refusjon for tømmemiddel
En hvit boks med en hvit etikett og et glasskrus med en brun væske i