Refusjon for tømmemiddel
Ei tømming av tarmen krev bruk av eigne middel. Du som er pasient hos oss, kan få igjen utlegg du har hatt til tømmingsmiddel.
Refusjon for tømmingsmiddel
Nokre undersøkingar krev at du førebur deg ved å tømme tarmen. Det kan vere:
- Koloskopi
- Rektoskopi
- CT tykktarm
Slik gjer du
Gå til refusjonsskjema
- Logg inn med BankID
- Fyll ut skjemaet
- Last opp kvittering frå apoteket – du kan ta bilde av kvitteringa og laste det opp direkte frå mobiltelefonen din.
Vi vil refundere utlegg til tarmtømmingsmiddel så snart som mogleg.
Har du ikkje BankID?
- Be ein pårørande om hjelp. Pårørande loggar inn med si eiga BankID og fyller inn opplysningane dine i skjemaet.
- Om du ikkje kan levere kravet digitalt, ta kontakt med resepsjonen på avdelinga – dei hjelper deg.
Sist oppdatert 12.05.2026