Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kirurgisk og medisinsk sengepost, Odda

Vi behandlar pasientar med ulike medisinske tilstandar og diagnosar. Dette kan vere lungesjukdom, infeksjonar, hjartesjukdom eller kirurgiske tilstander.

Vi har ni sengeplassar som er fordelt på kirurgiske og medisinske pasientar. I tillegg har vi to kommunale Øyeblikkelig hjelp døgntilbod (ØHD) for Ullensvang kommune.

Hos oss jobbar det leger, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og sekretærar. Vi har også fysioterapeutar knytt til avdelinga vår.

Pasientane våre er vanlegvis tilvist frå Akuttmottaket eller frå andre sjukehus. Vi tar også imot planlagde (elektive) pasientar og pasientar som på grunn av sjukdom eller sjukdomsutvikling kan forvente behov for akutt innlegging (open kontakt).  

Under opphaldet

Besøkstid er kl. 17.00-18.30 alle dagar. Besøk utanom dette må avtalast med personalet, og det er berre mogleg i særskilte tilfelle.

Legevisitten er mellom klokka 09.00 og 11.30 alle kvardagar.

Har dine pårørande ønskje om å delta på legevisitten, kan dette avtalast på avdelinga. Vi ønskjer å forhalde oss til ein hovudpårørande under opphaldet.

Hovudpårørande eller du sjølv kan gjerne orientere andre pårørande om sjukdomsforløpet, utreise med meir. Har dine pårørande behov for å snakke med sjukepleiar eller lege er dei hjarteleg velkommen til å ta kontakt. 

Blodprøver er ei viktig del av utgreiinga. For at behandlingsflyten skal bli best mogleg er det viktig at du er på rommet ditt den tida vi tar blodprøva.

Høyr med personalet om når du skal ta blodprøve.

Det er viktig at namnebandet du får er på under heile opphaldet.

Medisinane du treng under sjukehusopphaldet får du hos oss. Dersom du skal ha intravenøs antibiotika, blir dette gitt til faste tider.

Dei fleste undersøkingar skjer mellom klokka 08.00 og 16.00 på vekedagar. Nokre undersøkingar krev førebuing. Du får nærare informasjon om dette under opphaldet.

Tidspunkt for undersøkingar kan vere vanskeleg å gi, venting må difor påreknast.

Du får utdelt pasienttøy av personalet ved avdelinga.

Måltid blir servert på rommet eller i daglegstua.

Hugs at du må ha på deg privat tøy når du går i kantina.

Det er den same maten som blir servert til alle. Har du matallergi eller andre særskilte behov, må du gi beskjed til personalet.

Vi har eit pasientkjøleskap der du kan sette privat mat og drikke om ønskjeleg. Dette må merkast med dine initialar og fjernast ved utreise. Ta kontakt med personalet om du ynskjer å nytte deg av dette.

Tidspunkt for måltid

Frukost: kl. 08.00-09.30
Middag: kl. 13.00-14.00
Kveldsmat: kl. 18.00-19.30

Det trådlause nettverket er gratis for pasientar, pårørande og besøkande. Sjå etter gjest.ihelse.net på din mobil eller datamaskin.

Du kan bruke mobiltelefon hos oss, men av omsyn til medpasientar og personalet ber vi deg avgrense talet på telefonsamtalar inne på pasientrommet.

Gi oss beskjed dersom du har behov for å snakke med prest.

Viss du har kommunal hjelp eller har behov for kommunal hjelp, vil vi i løpet av det første døgnet sende melding til kommunen om innleggingsårsak, behandlingsforløp, hjelpebehov ved utreise og cirka utreisedato.

Vurderingar gjort under opphaldet blir sendt til kommunen.

Ved utreisedag er det kommunen som fattar vedtak for kva hjelp du kan få ut i frå dei opplysingane vi har sendt til kommunen.

Pasientreiser dekker billigste reisemåte (buss). Dersom det er medisinske årsaker til at du treng drosje heim, får du dekka dette. Dersom du ikkje har frikort vil du måtte dekke eigenandel ved reise med drosje.

Det er også fint om pårørande kan hente ved heimreise.

Sjå også www.pasientreiser.no for å søke om refusjon for transport. Det er ikkje refusjon til transport ved permisjon.

Sjukehuset har ikkje ansvar for private eigedeler og verdisaker som pasientar har med seg under opphaldet.

Kontakt

Sentralbord

Telefontid på sengeposten er kl. 11.00-12.30 og 17.00-18.30 - alle dagar.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kirurgisk og medisinsk sengepost er i 3.etasje på Odda sjukehus.

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

​For informasjon om rutetilbod til Odda sjukehus, sjå skyss.no og kolumbus.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Praktisk informasjon

Viss du fått beskjed om å ta blodprøvar, kan du gå til laboratoriet i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus.

Opningstider: kvardagar kl. 09.00-14.00

Trekk kølapp når du kjem.

Nokre pasientar/pasientgrupper blir prioritert for blodprøvetaking og vi ber om forståing for det. 

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Logg inn på helsenorge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps. 

​Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).


Opningstider

Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand. 

Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.

I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.

Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.

Du vil få faktura for overnatting på hybelhuset. 

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Alternativ overnatting i Odda

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
 
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Reserverte parkeringsplassar

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

​For informasjon om rutetilbod til Odda sjukehus, sjå skyss.no og kolumbus.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.