Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Depresjon

Hovudsymptoma på depresjon er tristhet mesteparten av tida, nedsett interesse for ting du vanlegvis likar, mindre initiativ og ei kjensle av å vere veldig trøytt. Depresjon er veldig vanleg og rammar rundt 17 prosent av befolkninga på eit eller anna tidspunkt i livet.

Første kapittel i behandlingsprogrammet for depresjon (pdf)

Når du er deprimert har du i tillegg hatt nokre av desse symptoma, mesteparten av tida, i minst to veker: 

  • Problem med å sove, eller for mykje søvn 
  • Vanskar med å konsentrere deg eller å ta avgjersler
  • Låg sjølvtillit 
  • Anten lite matlyst eller auka appetitt 
  • Grunnlaus skuldkjensle 
  • Kjensle av å være enten «gira» eller at alt går sakte 
  • Sjølvmordstankar 
  • Irritasjon 
  • Tendensar til å engste deg

Når ein er deprimert er det lett å havne i ein vond sirkel der mindre aktivitet gjer deg mindre energi og glede, som igjen fører til mindre aktivitet og så vidare. For å få det betre treng ein å bryte denne sirkelen. Det gjer ein enklast ved å gjere meir av det som gjer ein godt, sjølv om det ikkje kjennast rett der og då.
 
Gjennom behandlinga i eBehandling skal du få lære korleis du kan bryte denne vonde sirkelen og skape ein betre kvardag.

eBehandling si behandling for depresjon bygger på boka «Ut ur depression och nedstämdhet med kognitiv beteendeterapi: ett effektivt självhjälpsprogram» av Gerhard Andersson, Jan Bergström, Fredrik Holländare, Jan Lenndin och Kristofer Vernmark.  

Slik foregår eBehandling for depresjon - trinn for trinn

 

Sist oppdatert 26.04.2024