Arbeid ved laboratoriet i Odda. (Foto)

Medisinsk biokjemi

Analyser innen medisinsk biokjemi utføres ved Medisinsk biokjemi i Haugesund og på laboratoria på Stord og Odda sjukehus.

Vi skal sikre at pasientar i Helse Fonna og i primærhelsetenesta i vårt nedslagsfelt får god medisinsk service innan diagnostikk og behandling. Vi gir råd om, analyserer og tolkar dei laboratorieprøvane rekvirentane treng i førebyggande helsearbeid, diagnostisering og behandling av pasientar.

Vi er nær 70 medarbeidarar ved laboratoria i Haugesund, Stord og Odda. Her jobbar bioingeniørar, helsesekretærar, assistentar og seksjonsoverlege.

Medisinsk biokjemi i Haugesund er akkreditert etter ISO15189. 


Les om akkreditering

For interne og eksterne rekvirenter

I laboratoriehandboka finn du oversikt over alle analysene våre, nytt frå laboratoria og bestillingsskjema for prøvetakingsutstyr. Du kan også gi oss tilbakemeldingar. 

Gå til laboratoriehandboka


Vi oppfordrer alle rekvirenter i primærhelsetenesta til å nytte elektronisk rekvirering gjennom IHR (Interaktiv henvisning og rekvireringsverktøy) løsning: DIPS Interaktor. 


Dersom rekvirent ønsker å ta i bruk elektronisk rekvirering, ta kontakt med Helse Vest IKT Samhandling på telefon, 55976540 eller epost: samhandling@helse-vest-ikt.no


Sjå prosedyre: Rekvirering ved IHR-løsning


Prøvetaking og undersøking av prøvar blir utført etter rekvisisjon frå personell med rett til å rekvirere. Ved all rekvirering av laboratorieprøvar må du fylle ut rekvisisjonen tydeleg med relevante opplysningar om rekvirent, pasient og prøve. Det kan vere moglegheit for etterrekvirering av analysar innan ei viss tidsramme.


Ein utfylt rekvisisjon er ein avtale mellom rekvirent og laboratorium for bestilling av analysar. Laboratoriet utfører dei analysane som er kryssa ut av rekvirenten. 


Sjå prosedyre: 7.5.1.15 Utfylling papirrekvisisjon

Sjå prosedyre 7.5.1.4 T01 Kriterier for avvisning av prøver/rekvisisjon fra PHT


Vi tar oss rett til å etterbestille analysar dersom det har klinisk relevans. Ønsker du å reservere deg mot dette, må du ta direkte kontakt med avdelingsoverlege medisinsk biokjemi. Når rutinemessige analysar ikkje kan utførast hos oss, sender vi prøven til eit eksternt laboratorium for analyse. Relevante kliniske opplysninger gir bedre grunnlag for analysekommentar.


Kopi av alle prøvesvar på prøvar som er bestilt frå primærhelsetenesta, blir sendt til Helse Fonna sitt elektroniske pasientjournalsystem (EPJ). Rekvirent/pasient kan reservere seg mot at prøvesvar blir overført til EPJ ved å nytte papirrekvisisjon (ikkje elektronisk) og merke rekvisisjon og prøverør tydeleg med «Ikkje til journal».

Konsulter i første omgang laboratoriehandboka 

Har du spørsmål om prøvetaking og rekvirering, ring 52 73 22 10 for Haugesund, 53 49 10 90 for Stord og 53 65 11 23 for Odda. Treng du råd til andre medisinskfaglege spørsmål, kontakt avdelingsoverlege Sutirtha Chakraborty, telefon: 52 73 22 23.

For prøvetakar i primærhelsetenesta og autorisert prøvetaker i Helse Fonna

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Haugesund sjukehus

Stord sjukehus

Odda sjukehus