Våre rutinar

Vi har etablert eigne prosedyrar for rekvirering, prøvetaking, handtering og rapportering av prøvar i vår eHandbok.

Rekvirering

Prøvetaking

Prøvehandtering

T02 Rekkefølge og sentrifugering av prøverør til venøs blodprøvetaking i PHT

For øvrig informasjon knytt til prøvetaking og -handtering visar vi til laboratoriehåndboka.  

Henteordning for prøvar

Laboratoria ved Haugesund, Odda, og Stord sjukehus har ei fast ordning med henting av prøvar frå legekontor i distriktet. Hentinga skjer måndag til fredag etter bestemte ruter og tidspunkt. 

Prøvane blir transporterte ståande i kassettar i eigna transportbagar. Dette sikrar temperaturstabil og trygg transport til laboratoriet. Vi transporterer også brev mellom legekontora og sjukehuset  

Sending av prøvar per post

Rekvirentar som ikkje kan nytte henteordninga, må sende prøvar med post. På bakgrunn av krav frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, DSB, må slike sendingar vere merka med UN3373, biologisk stoff, kategori B, Veileder for forsendelse av smittefarlig biologisk materiale

Prøvane må leverast på eit postkontor/post i butikk, ikkje leggast i utandørs postkasse. 

Alle prøvar må ligge i transporthylser for å beskytte dei under sending.

Konvoluttar og transporthylser for sending kan bestillast frå Lab Helse Fonna - Bestill Prøvetakingsutstyr (helse-fonna.no)

Rapportering av prøvesvar

Prøvesvar blir rapportert elektronisk til rekvirenten eller det blir sendt papirutskrift for rekvirentar som ikkje har elektronisk meldingsutveksling.

Dersom ein ønsker å ha elektronisk samhandling med Helse Vest, må ein kontakt Helse Vest IKT

Sist oppdatert 01.10.2024