Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En kvinne i laboratoriefrakk

Lunge sengepost

Lungeposten tar imot og behandlar pasientar med samansette og komplekse lungelidingar innanfor det indremedisinske fagfeltet. Hovudsakeleg er dette pasientar med lungebetennelse, KOLS, respirasjonssvikt og lungekreft.

08.00: Frukost

10.00-11.00: Legevisitt (kvardagar)

11.30: Lunsj

14:00: Middag

17.00-18.30: Visittid

18:30: Kveldsmat

Undersøkingar kan skje mellom dei desse tidene. Du får beskjed av lege, sjukepleiar eller helsefagarbeidar dersom det gjeld deg.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med dei som jobbar på avdelinga.

Vi har tilbod om open dør til kreftpasientar som er under behandling.

Dersom du får biverknadar av kreftbehandlingar, kan du ta direkte kontakt med oss på telefon 52 73 25 22.

Besøkstid

Pasientar kan ta imot besøk kvar dag mellom kl. 17.00 og 18.30. Besøk kan vere ei god avveksling, og vi set pris på at pårørande og vener respekterer besøkstidene. Det bidreg til god behandling og arbeidsflyt i avdelinga.

Ønskjer du besøk utanom visittida, kan du ta kontakt med personalet.

Handhygiene

God handhygiene er viktig på sjukehus. Vi ønskjer at både pasientar og besøkande brukar spritdispensarane som finst fleire stader i avdelinga.

Parfyme og blomster

Ver venleg og ikkje bruk parfyme eller ta med blomster når du skal til lungeseksjonen.

Kontakt med sjukepleiar

Pårørande som ønskjer å snakke med ein sjukepleiar, kan ta kontakt på telefon eller i visittida.

Vi kan berre dele informasjon om helsa di dersom du har gitt samtykke.

Helsepersonell har teieplikt. Det betyr at vi ikkje kan gi informasjon om helsa di til pårørande utan at du har gitt samtykke.

Vi oppmodar deg til å informere pårørande sjølv, når du er i stand til det.

Kvar pasient skal ha ein hovudkontakt blant dei pårørande. Vi treng namn og telefonnummer til denne personen.

Du kan gjerne avtale ein informasjonssamtale med legen, saman med ein eller fleire pårørande.

Rene klede, handklede, kluter og sengetøy finn du i skapene på gangen. Pasientar kan fritt bruke dette. Skittent pasienttøy og sengetøy legger du i tøyposen som står på badet.

Mat og drikke utanom faste måltid kan du hente når du vil. Du finn kaffi, te, saft, supper og kjeks ved sofagruppa i gangen. Her kan både pasientar og pårørande forsyne seg.

Det trådlause nettverket er gratis for pasientar, pårørande og besøkande. Sjå etter gjest.ihelse.net på din mobil eller datamaskin. Bruk mobilnummeret ditt for å motta kode for innlogging.

Vi gjer pasientar merksame på at sjukehuset ikkje har ansvar for private eigedeler og verdisaker.

Seksjonen samarbeider med Medisinsk intermediær overvaking (MIO). MIO er ein spesialpost for pasientar med akutte sjukdomstilstandar som må overvakast nøye. Eit døme er akutt pustesvikt som krev behandling med pustemaske.

Vil du jobbe på lungeavdelinga?

På lungeavdelinga får du utvikle deg fagleg i eit støttande og engasjert arbeidsmiljø. Vi prioriterer fagleg kompetanse høgt, og tilbyr støtte til relevante vidareutdanningar – til dømes innan lunge-, kreft-, palliasjons- og intensivsjukepleie.

Vil du jobbe på lungeavdelinga?
En person i hvit frakk

Kontakt

Døgnopen sengepost

Slik finn du fram

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Ordinære besøkstider (visittider) er kl. 17.00 - 18.30 alle dagar.

Sjå retningslinjer for besøk

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.