Anatomi og fysiologi
Lungene
- Lufta du pustar inn går ned i luftrøyret.
- Luftrøyret deler seg vidare i bronkiar.
- Bronkiar deler seg opp i stadig mindre bronkiolar og endar til slutt i millionar av små, tynne og skjøre blærer som blir kalla alveolar.
- Alveolane slepper oksygen frå lufta inn i blodet, og karbondioksid frå blodet blir sendt over i lufta du pustar ut.
Om astma
Astma er ein kronisk irritasjons- eller betennelsestilstand i luftvegane. Luftvegane blir overkjenslege og du kan oppleve fleire episodar med hoste, trykk i brystet, tung pust, auka slimproduksjon og surkling – særleg om natta eller tidleg om morgonen.
Astma og astmaanfall kan bli utløyst av ulike faktorar, som til dømes:
- allergi
- utemiljø
- inneklima
- vêrforandringar
- aktivitet
- forkjøling
Difor kan du oppleve både gode og dårlege periodar. Mellom periodar med forverring kan pusten vere normal. Astma kan oppstå i alle aldrar, frå småbarnsalder til vaksen alder.
Astma kan kome av ein reaksjon på partiklar i lufta, som til dømes:
- husstøvmidd
- pollen
- dyrehår
Vanlege symptom ved astma er tung pust, trykk og piping i pusten, hoste og slim, som oftast er blankt. Nokre opplever at symptoma blir verre når dei ligg. Symptoma kan variere frå dag til dag, og du kan i periodar ha få eller ingen symptom.
Mange har periodar med tyngre pust, til dømes:
- ved luftvegsinfeksjonar
- i kald luft
- ved kontakt med stoff som kan framkalle allergi (allergenar)
Astma
- er vanleg
- er ubehageleg
- kan vere invalidiserande
- er variabel
- kan behandlast
- kan vere farleg
- har til dels vore utilfredsstillande behandla
Kva skjer i luftvegane når du blir tett?
Det er fleire faktorar som kvar for seg kan føre til anfall og gjere luftvegane trongare:
- Krampe i muskulaturen blir ofte opplevd som akutte astmaanfall.
- Ved daglege astmaplager er luftvegane kronisk irriterte og slimhinna hovnar opp. Det blir mindre plass til lufta som skal passere inn og ut av lungene, og det kan bli særleg vanskeleg å puste raskt ut.
- Irritasjon eller betennelse i slimhinnene ved astma gjer luftvegane meir følsame. Muskulaturen rundt luftrøyra (bronkiar) kan då trekke seg saman, slik at luftvegane blir trongare. Dette kan føre til akutte anfall med tung pust, særleg dersom astmaen ikkje er godt nok behandla.
- Ved astma blir det produsert meir slim i luftvegane enn hos friske personar. Dette kjem av betennelse i slimhinnene og kan gi plagsam hoste, særleg ved luftvegsinfeksjonar.
Kvifor får du astma?
Tendensen til å kunne reagere allergisk (atopi) er delvis arveleg og kan auke risikoen for å få astma. Atopi finst hos 30–50 prosent av befolkninga, men berre ein mindre del av desse utviklar astma.
Forskarar har også funne fleire andre arvelege faktorar som er knytte til auka risiko for å utvikle astma. Likevel veit vi ofte ikkje kvifor enkelte personar utviklar sjukdomen.
Allergen (stoff som skaper allergisk reaksjon)
- Husstøvmidd
- Dyreallergi: katt, hund, kjæledyr
- Muggsopp (fuktige hus)
- Pollen: or, hassel, salix (selje, pil, vier), bjørk, gras, burot
Arbeidsmiljøet kan også påverke risikoen for å utvikle astma. Dette gjeld mellom anna arbeid i metallindustrien, sveisehallar, bakeri, landbruk og målaryrke.
Tobakksrøyk
Tobakksrøyk kan både auke risikoen for å utvikle astma og gjere symptoma verre.
Passiv røyking
Røyking hos foreldre, og særleg hos mor, aukar risikoen for astma hos barn. Barn under to år er særleg utsette.
Aktiv røyking
Røyking kan auke risikoen for å utvikle yrkesastma hos personar som er utsette for kjente astmautløysande faktorar i arbeidet. Det er ikkje bevist at røyking åleine fører til astma, men det er ein sterk samanheng mellom røyking og kols (kronisk obstruktiv lungesjukdom) og emfysem.
Luftforureining
Store studiar som har undersøkt samanhengen mellom utandørs luftforureining og astma, har ikkje vist at slik forureining aleine aukar risikoen for å få sjukdomen.
Når det gjeld innandørsklima, viser undersøkingar at innandørs luftforureining, som fukt og muggsopp, kan bidra til utvikling av astma.