Astmaskole - Lungeavdelinga, Haugesund sjukehus

Trening som behandling

Forsking viser at jo meir du rører deg, desto betre blir kondisjonen din. Med betre pust og sterkare musklar orkar du meir, får betre rørsleevne og eit meir aktivt og fritt liv.

Om fysisk aktivitet og astma

Fysisk aktivitet er viktig for god lungehelse og førebyggje forverring av astma. Trening styrkjer kondisjon, uthald og muskulatur. 

Det er også viktig å lære skilnaden mellom eit astmaanfall og tetthet i brystet som kan oppstå ved fysisk aktivitet. 

 

Tettleik ved fysisk aktivitet

  • Kva det er: Ein naturleg eller astmarelatert reaksjon på fysisk anstrenging.

  • Kjenneteikn: Du vert tungpusta, tett i brystet eller hostar under eller rett etter trening.

  • Varigheit: Går som regel over av seg sjølv etter 15 til 30 minutt med kvile.

  • Tiltak: Førebygging med oppvarming og medisinar før trening hjelper ofte svært godt.

Astmaanfall

  • Kva det er: Ei akutt og kraftig forverring av astmasymptoma.

  • Kjenneteikn: Du har store vanskar med å puste, har pipande pust og hoste, også når du ikkje er i aktivitet.

  • Varigheit: Går ikkje over av seg sjølv og krev rask behandling med medisinar.

  • Tiltak: Du må ta hurtigverkande medisinar med ein gong, og kontakte lege eller legevakt ved manglande betring.

Fordelar med fysisk aktivitet

  • Auka uthald (kondisjon)

  • Auka muskelstyrke og muskeluthald

  • Auka bevegelegheit og smidigheit

  • Sterkare beinbygning

  • Positiv effekt på humør og psykisk helse

  • Auka overskot og ein sterkare kropp som står betre imot sjukdom

  • Auka kjensle av kontroll over eigen situasjon

  • Lettare å få opp slim

  • Redusert kjensle av tung pust

 

Gode råd for fysisk aktivitet ved anstrengelsesastma

  • Varm opp forsiktig i 15–20 minutt, eventuelt med varmemaske om det er kaldt. Startar du rett på hard trening, må du rekne med meir astmaplager.

  • Ikkje press deg så hardt at du må stoppe opp og hive etter pusten.

  • Bruk leppepust for å halde pusten roleg og kontrollert.

  • Når du er ferdig med treninga, bør du «springe deg ned» før du stoppar heilt.

  • Dersom du ikkje er symptomfri under trening, kan du følgje dette rådet: Ta anfallsmedisin (beta2-agonist) 15–20 minutt før du startar treninga / går ut i kulda.

Ikon løping
Fysisk aktivitet er viktig for å halde lungene friske og styrkje kroppen sin kapasitet.

 

Øvingar

Kvilestilling

 

Knebøy

 

Overkropp og pusteteknikk

 

Sist oppdatert 01.09.2026