Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Astmaskole - Lungeavdelinga, Haugesund sjukehus

Pusteøvingar og pusteteknikkar

Her kan du lære enkle teknikkar som kan hjelpe deg å puste roligare, få betre kontroll på tung pust og løyse opp slim. Du får øvingar og blir kjent med hjelpemiddel og gode vanar.

Pusteøvingar

Øv på djupe, rolege pust i denne rytmen: inn – ut – ut... inn – ut – ut

Utpusten skal vare dobbelt så lenge som innpusten. Pust helst inn gjennom nasen og ut gjennom munnen – det reinsar, varmar og fuktar lufta.

Under aktivitet kan det hjelpe å puste ut når du gjer sjølve bevegelsen, til dømes når du går opp eit trinn – slik vektløftarar pustar ut når dei løftar.

Inhalasjonsteknikk

For å gjere inhalasjonsteknikk riktig, er det viktig å puste godt ut i forkant. Dette gjeld alle typar inhalatorar.

Slik gjer du:

  • Pust godt inn.
  • Held pusten medan du tel ned frå fem med fingrane.
  • Stor utpust

Når du pustar ut før du brukar inhalator, får du plass til meir medisin i lungene dine.

Ved å puste godt inn, og gjerne bevege litt på overkroppen, får du fylt lungene maks med luft, og meist mogleg medisin.

  • Hald pusten i minst fem sekund slik at du får mest mogleg medisin i lungene.
  • Hald pusten i minst fem sekund for å få mest mogleg medisin i lungene og best mogleg effekt.
  • Pust godt ut igjen.

Bruk av sprayinhalator

Alle typar sprayinhalatorar virkar på same måte.

Slik brukar du den

  • Først rister du den forsiktig eit par gonger.
  • Ta av hetta.
  • Pust roleg ut.
  • Pust litt inn før du tar inhalatoren i munnen og pustar heilt inn. 
  • Held pusten i fem sekund.
  • Pust ut.

Bruk av pulverinhalator

Pulverinhalatorar kjem i ulike typar, men alle kan ladast på same måte ved å trekkje ned hetta. Når du har gjort det, er dosen klar.

For å bruke inhalatoren korrekt, må du først puste godt ut på førehand.

Slik brukar du pulverinhalator

  • Ta ein lang utpust.
  • Trekk deretter pusten godt inn.
  • Hald pusten i minst fem sekund før du pustar roleg ut.

Bruk av softmist-inhalator

Ein softmist-inhalator brukar same prinsipp som ein sprayinhalator. Du får medisinen rett i munnen – men på ein roligare måte. 

Du ladar inhalatoren ved å vri den. Når du høyrer ein klikkelyd, er den ferdig lada. 

Så trykkjer du på knappen for å få ut medisinane. 

Slik brukar du inhalatoren

  • Pust godt ut.
  • Trekk pusten godt inn.
  • Før inhalatoren til munnen.
  • Pust inn gjennom inhalatoren.
  • Hald pusten i fem sekund – tel gjerne med fingrane. 
  • Pust ut.

Slim og hoste

Slim blir normalt produsert i lungene og er eit viktig hjelpemiddel for å fjerne bakteriar og virus. Mange med lungesjukdom lagar meir slim enn vanleg, og slimet kan bli tjukt og seigt. Dersom slimet blir verande i lungene, gir det grobotn for infeksjonar. Difor er det viktig å få slimet opp.

Hoste er eit godt hjelpemiddel så lenge den er produktiv. Samtidig kan lange hostekuler vere slitsame og bør unngåast.

Forbehandling

  • Ta gjerne opnarmedisin (Ventoline/Bricanyl/Airomir/Atrovent).
  • Eventuelt annan slimløy­sande medisin (t.d. «saltpipe», saltvatn på forstøver, Bronkyl/Mucomyst).
  • Drikk nok væske – det fortynnar slimet. Varme drikker kan òg løyse slim.

Kondisjonstrening / aktivitet

Auka ventilasjon løyser opp slim, difor er kondisjonstrening viktig. Det styrkjer hjartet og lungene. Dei viktigste kjenneteikna for kondisjonstrening er:

  • høg puls: du pustar tyngre og hjartet slår raskare
  • uthald: du orkar å vere i røyrsle lengre
  • store musklar: du brukar store musklar, til dømes beina når du går, spring eller syklar 
  • oksygen: treninga aukar evna til å transportere oksygen til musklane 

Eksempel på aktivitetar: gåturar, sykling og symjing.

Hosteteknikk: støyt

Støyt blir brukt for å flytte slim:

  • både korte og lange støyt med open munn, der ein lagar ein kraftig, varm utpust
  • du kan bruke eit lite papprøyr som hjelpemiddel

Støyt flyttar slimet oppover i luftvegane utan å irritere halsen slik vanleg hosting gjer. 

Når du skal bruke støyteteknikk, trekkjer du pusten godt inn, anten gjennom munnen eller nasen.

Deretter held du halsen open, som om du skal blåse dogg på ei rute, og pustar hardt ut.

Du kan også ta tre korte støyt, eller du kan trekkje pusten godt inn, puste godt ut og så ein støyt på slutten av utpusten.

Det kan opplevast som ubehageleg, men det vil trigge at du får opp slim.

Leppepust

Leppepust kan hjelpe når du er tungpusta ved å hindre at dei små luftvegane klappar saman.

Teknikken kan også lindre angst fordi du får betre kontroll over pusten.

Med leppepust pustar du inn gjennom nase eller munn, og pustar ut med smale lepper. Dette skapar motstand. 

Slik gjer du det

  • Pust inn gjennom nase eller munn.
  • Pust ut gjennom munnen med smale lepper.
  • Dette gjer du 8 til 12 gonger.
  • Gjenta dette i 3 rundar.
  • Du kan gjere dette fleire gonger i løpet av dagen – når du treng det.

Kroppsstilling

Du plasserer deg slik at du brukar tyngdekrafta og støttar overkroppen. Til dømes kan du sitje framoverlent med armane støtta på eit bord når du skal hoste eller støyte. Dette gir betre støtte til magemusklane og gjer hosten meir effektiv.

PEP-fløyte (mini-PEP/PEP-maske)

PEP gir eit lett mottrykk når du pustar, og endrar korleis lufta beveger seg i lungene. Dette kan hjelpe slimet til å løsne og bli lettare å få opp. Det kan også hindre at små luftvegar klappar saman.

Hovudregel: bruk PEP morgon og kveld.

Slik bruker du fløyta:

  • sitt godt oppreist med rett rygg
  • lukk leppene heilt rundt munnstykket, ha maska tett på slik at det ikkje kjem luft ut på sida
  • trekk pusten roleg inn (gjerne gjennom nasen viss du klarer det)
  • blås ut gjennom fløyta – pust litt lengre og kraftigare enn vanleg, utan å tømme lungene heilt
  • gjer dette om lag 10 gonger etter kvarandre
  • ta pause i om lag eitt minutt
  • bruk hoste og støyt for å flytte slimet opp, og host det ut dersom du får det til
  • gjenta prosessen 2-3 gonger

Merk: Motstanden i fløyta (fargekode eller storleik på nippelen) bør tilpassast av fagpersonell.

PEP-fløyte er eit hjelpemiddel vi bruker veldig mykje, både for å frigjere slim, men også ved tung pust.

Den har ein motstandsventil på toppen, ein lukka ende og eit munnstykke.

Du kan puste inn anten gjennom nase eller munn.

Når du pustar ut, vil lufta bli stengd i enden og bli leia ut gjennom motstandsventilen.

På den måten blir det skapt eit trykk i lungene som gjer det lettare å få ut slim.

Dersom du er plaga med tung  pust og ikkje får puste godt nok ut på eiga hand, kan dette vere eit veldig godt hjelpemiddel.

Slik brukar du PEP-fløyta

  • Ta den inn i munnen og pust roleg. 
  • Hovudregelen er at utpusten skal vere dobbelt så lang som innpusten.
  • Trekk raskt pusten inn gjennom fløyta.
  • Pust roleg ut gjennom fløyta.
  • Dette gjer du 8 til 12 gonger.
  • Ta ein liten pause og pust vanleg.
  • Deretter gjer det på nytt 8 til 12 gonger.
  • Ta ny pustepause.
  • Deretter tar du ein siste runde med 8 til 12 gonger.

Dagleg reinhald:

  1. Ta dei tre delane frå kvarandre
  2. Vask i mildt såpevatn
  3. Skyll godt for å fjerne såperestar
  4. La delane tørke heilt før du set dei saman igjen

Stillingsendring

Dette er viktig for alle. Dersom du må halde senga, bør du variere mellom å liggje på høgre og venstre side. Varier også mellom liggjande, sittande og ståande.

Gjer strekkøvingar med armane, ta djupe pust og bruk støt-teknikk, slik fysioterapeuten har vist deg.

Strykningar

Rolige strykningar over ryggen kan roe pusten og hjelpe deg med å få ein djupare respirasjon. Dette kan også løyse slim.

Får du ei hostekule:

  • Finn ei god kvilestilling
  • Bruk leppepust
  • Ta nokre rolege, djupe pust
  • Støt 2–3 gonger
  • Drikk gjerne noko varmt/lunkent
  • Endre stilling og gå litt rundt

Hostar du om natta, kan du ha ein termos med varm drikke på nattbordet.
Prøv dei same teknikkane – det kan hjelpe å bryte hostinga.

Avspenning

Målet med avspenning er å:

  • klare å sleppe spenningar i musklane
  • betre muskelkjensla og skilje mellom spenning og avspenning
  • få betre kontroll over eigne spenningar

Ved tett og tung pust arbeider musklane i bryst, armar og hals hardt. Dette kan gi smerter og overflatisk pust (lite magepust). Dette kan bli ein vane og gi langvarige muskelplager og dårleg pustemønster – også i gode periodar.

Gjennom avspenning kan du bli meir bevisst på dette, kjenne når du er anspent (t.d. heisa skuldrer) og sleppe spenningar. Det gir mindre smerter og lettare, friare pust (basal respirasjon).

Avspenningsteknikk

Avspenningsteknikkar kan brukast både i gode og dårlege periodar:

I gode periodar: for å bli kjent med eigen kropp og øve på teknikken.

I dårlege periodar: for å bryte anfall, sleppe muskelspenningar og få meir normal pust.

 

Spirometri-undersøking

 

Sist oppdatert 08.06.2026