Astmaskole - Lungeavdelinga, Haugesund sjukehus

Røykeslutt

Dette er det viktigaste du kan gjere for å halde deg frisk. Tobakk og røyk er blant dei største årsakene til helseplager hos vaksne. Det er vanskeleg å slutte å røyke. Difor er det lurt å få hjelp – anten om du er svært motivert, eller om du er usikker på om du ønskjer eller klarer å slutte.

Tips til røykeslutt

Set ein dato

Erfaring viser at halvparten av suksessen ligg i å planleggje røykeslutt.

Gjer om på røykevanane dine før du sluttar

Røyk andre stader og til andre tider enn du er van med. Dette hjelper deg med å bryte vanar og trappe ned.

Skriv ned grunnane dine

Notér kvifor du vil slutte, og ha lista lett tilgjengeleg dei dagane du er mindre motivert.

Lag ein plan for røykesug

Eit røykesug går som regel over etter nokre minutt. Planlegg kva du skal gjere når suget kjem – til dømes drikke eit glas vatn eller gå ein tur.

Når du sluttar – slutt heilt

Ikkje ta eit einaste trekk. Alle abstinensar går over så lenge du ikkje røyker. Dersom du røyker av og til, blir du aldri kvitt suget.

Spis jamleg

Dei første vekene etter røykeslutt kan blodsukkeret vere ustabilt, så det er viktig å ete nok. Fire måltid og mellommåltid som frukt eller nøtter er anbefalt.

Hald motivasjonen oppe og søk støtte

Snakk gjerne med andre som sluttar, eller som har slutta før deg.

Bruk hjelpetilbod

Nikotinmiddel (plaster, tyggegummi, sugetablettar) lindrar abstinensplager og doblar sjansen for å lukkast. Nikotinmiddel finst i ulik styrke – spør på apoteket. Det finst også reseptbelagte legemiddel som lindrar abstinensar og dempar røykesug. Snakk med fastlegen om dette kan vere aktuelt.

Gi noko tilbake til deg sjølv

Fokuser på dei positive endringane. Legg til side pengane du elles ville brukt på røyk, og bruk dei på noko hyggeleg.

Få hjelp

Du kan få fleire råd og gratis hjelp til røykeslutt gjennom Frisklivssentralen og Røykeslutt-telefonen: 800 400 85. Du kan òg bruke appen Slutta eller det nettbaserte programmet på no.

Andre nyttige ressursar

Sist oppdatert 19.03.2026