Astmaskole - Lungeavdelinga, Haugesund sjukehus

Slik blir astma behandla med medisinar

Her lærer du om inhalasjonsmedisinar, korleis dei verkar, og når dei skal brukast.

Behandlingsprinsipp

Inhalasjonshjelpemiddel

Inhalasjonsmedisinar opnar lungene og kan behandle og førebyggje inflammasjon.

For å gjere inhalasjonsteknikk riktig, er det viktig å puste godt ut i forkant. Dette gjeld alle typar inhalatorar.

Slik gjer du:

  • Pust godt inn.
  • Held pusten medan du tel ned frå fem med fingrane.
  • Stor utpust

Når du pustar ut før du brukar inhalator, får du plass til meir medisin i lungene dine.

Ved å puste godt inn, og gjerne bevege litt på overkroppen, får du fylt lungene maks med luft, og meist mogleg medisin.

  • Hald pusten i minst fem sekund slik at du får mest mogleg medisin i lungene.
  • Hald pusten i minst fem sekund for å få mest mogleg medisin i lungene og best mogleg effekt.
  • Pust godt ut igjen.

Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet er svært viktig for å førebyggje forverring av lungene, og trening aukar samtidig kapasiteten i kroppen. 

Røykeslutt

Å slutte å røyke og å unngå utløysande og forverrande faktorar er viktig. For nokre med yrkesrelatert astma kan dette innebere endring av arbeidsoppgåver eller omskulering.

Vaksine

I tillegg anbefaler vi vaksine mot influensa og lungebetennelse. Desse sjukdommane kan vere alvorlege for mange med lungesjukdom. Ein bør unngå smitte av forkjøling og andre smittsame sjukdommar.

Nokre kan også ha nytte av å sjekke om dei tidlegare har hatt forverring knytt til betennelsesdempande medisinar (NSAID).

Inhalasjonsmedisinar

Inhalasjonsbehandling er medisinar som verkar direkte i lungene, og kan hjelpe mange med luftvegssymptom.

Anfallsmedisin/opnarmedisin

Eksempel på denne type medisinar er Ventoline, Bricanyl, Airomir og Atrovent.

  • Dette er medisinar som bør takast før anstrengelse for å førebyggje tung pust og redusere tida det tek før pusten blir betre igjen.
  • Du kan også ta medisinen når du er plaga med tung pust, men då vil effekten ikkje vere optimal.
  • Nokre medisinar verkar ved å løyse opp kramper i muskulaturen, medan andre verkar avslappande.
  • Desse medisinane verkar etter 5–15 minutt og varer i opptil 4–6 timar.
  • Moglege biverknader: hjartebank, skjelving i hendene, munntørrheit.

Alle typar sprayinhalatorar virkar på same måte.

Slik brukar du den

  • Først rister du den forsiktig eit par gonger.
  • Ta av hetta.
  • Pust roleg ut.
  • Pust litt inn før du tar inhalatoren i munnen og pustar heilt inn. 
  • Held pusten i fem sekund.
  • Pust ut.

Førebyggjande medisin

Eksempel på denne type medisinar er Pulmicort og Flutide.

  • Dette er medisinar som roer ned inflammasjon i bronkiar. Dei skal takast fast til same tidspunkt (morgon og kveld) og verkar i 12 eller 24 timar, avhengig av preparatet.
  • Moglege biverknader: hesheit, sopp i munnen.
  • Viktig: Skyl munn etter inhalasjon.

Pulverinhalatorar kjem i ulike typar, men alle kan ladast på same måte ved å trekkje ned hetta. Når du har gjort det, er dosen klar.

For å bruke inhalatoren korrekt, må du først puste godt ut på førehand.

Slik brukar du pulverinhalator

  • Ta ein lang utpust.
  • Trekk deretter pusten godt inn.
  • Hald pusten i minst fem sekund før du pustar roleg ut.

Langtidsverkande opnarmedisin

Eksempel på denne type medisin er Spiriva.

  • Dette er medisinar som opnar lungene ved å påverke muskulaturen i lungene.
  • Dei skal takast fast til same tidspunkt kvar dag og verkar i 24 timar.
  • Du skal ikkje kombinere denne medisinen med Atrovent, men du kan bruke anna anfallsmedisin ved behov.
  • Moglege biverknader: munntørrheit.

Ein softmist-inhalator brukar same prinsipp som ein sprayinhalator. Du får medisinen rett i munnen – men på ein roligare måte. 

Du ladar inhalatoren ved å vri den. Når du høyrer ein klikkelyd, er den ferdig lada. 

Så trykkjer du på knappen for å få ut medisinane. 

Slik brukar du inhalatoren

  • Pust godt ut.
  • Trekk pusten godt inn.
  • Før inhalatoren til munnen.
  • Pust inn gjennom inhalatoren.
  • Hald pusten i fem sekund – tel gjerne med fingrane. 
  • Pust ut.

Kombinasjonsmedisin

Eksempel på denne type medisinar er Seretide, Relvar, Symbicort, Inuxair og Trimbow.

  • Dette er inhalatorar som kombinerer verkestoff frå åpnermedisin, anfallsførebyggjande medisin og eventuelt førebyggjande medisin.
  • Biverknader: same som enkelte av dei kombinerte preparata.  
Sist oppdatert 19.06.2026