Lunge sengepost

Sengeposten vår er delt i to grupper, lunge 1 og lunge 2. Vi har dobbeltrom og nokre einerom. Viss du ligg på dobbeltrom og ønsker samtale åleine, så vil vi legge til rette for det så langt råd er. Som pasient er du sjølv ansvarleg for verdisakene dine, så ta med minst mogleg til sjukehuset. Ved behov kan vi låse inn verdisakene dine og du får då ei kvittering på det vi har tatt vare på.

Vi som jobbar ved lunge sengepost arbeider for å unngå pasientskader som følge av behandling. Vi følgjer Trygg pleie-programmet, som betyr at vi skal kartlegge og førebygge fall, trykksår og feilernæring. Derfor vil du få spørsmål om dette når du blir innlagt.

Kl 07.00-09.00: Vaktskifte og rapport. Måling av blodtrykk, temperatur m.m. Morgonstell.
Kl 08.00-09.00: Frukost og medisiner (pasientkantina er open fram til 09.30)
KL 09.00-11.15: Legevisitt
Kl 11.30-12.30: Lunsj (pasientkantina er open i samme tidsrom)
Kl 12.00-13.00: Medisiner
Kl 14.00-15.00: Middag (pasientkantina er open til kl 15.30)
KL 14.30-15.00: Rapport og vaktskifte
Kl 15.00-17.00: Måling av blodtrykk, temperatur m.m. Medisiner.
Kl 17.00-18.30: Visittid
Kl 18.30-19.30: Kveldsmat (pasientkantina er open i samme tidsrom)
Kl. 19.30-21.30: Kveldsstell og medisiner
Kl 21.40-22.00: Vaktskifte og rapport
Kl 22.00-07.00: Ro. Tilsyn minimum kvar 2.time. Eventuelt medisiner.

Intravenøs antibiotika blir gitt til faste tider. Du får informasjon om dette, dersom du får slik behandling. Dersom du har lyst til å gå ein tur, er det fint om du gir beskjed til personalet før du går.

Pasientar kan ta i mot besøk kl 17.00 – 18.30 alle dagar. Besøk kan vere ei god avveksling når du er pasient. Vi set stor pris på at pårørande og venner respekterer våre besøkstider. Dette fordi vi har ansvar for å legge til rette for god pasientbehandling og arbeidsflyt i avdelinga. Ta kontakt med personalet for besøk utanom visittida.

God handhygiene er viktig på sjukehus. Vi ønskjer at både pasientar og besøkande skal ha god handhygiene. Det heng fleire spritdispensarar i avdelinga som alle kan bruke.


Ta ikkje på deg parfyme eller ta med blomster når du skal til lungeseksjonen.

Viss pårørande har behov for å snakke med en sjukepleiar, kan dei ta kontakt på telefon eller i visittida. Du må ha gitt oss samtykke før vi kan dele opplysningar om deg og di helse med dine pårørande.

Det er legevisitt alle kvardagar mellom kl 09.00 og kl 11.15. I helga er det ordinær legevisitt berre for pasientar som er nyinnlagte siste døgn. Viss du har spørsmål til vakthavande lege, kan du ta kontakt med sjukepleiar. Dersom du ønsker at pårørande skal vere med på legevisitten, må dette avtalast dagen før. Ta kontakt med sjukepleiar dersom det er aktuelt. Den dagen du blir utskriven, har du vanlegvis ikkje ordinær legevisitt. Legen vil gi deg utskrivingspapir og informasjon før du reiser.

Legen kan ved behov sette deg i kontakt med fysioterapi, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog, ergoterapeut og andre aktuelle behandlingstilbod.
Sjukehuspresten er tilgjengeleg for samtale, både for pasient og pårørande. Personalet kan formidle kontakt.

Blodprøvar blir tatt mellom kl 07.30 og kl 08.30. Det kan også bli tatt blodprøvar på andre tider. Du vil då få beskjed av personalet, slik at du er tilstades på rommet når prøven skal tas. Du kan bli henvist til andre prøvar og undersøkingar. Du får då informasjon om dette.

Helsepersonell har teieplikt. Det inneber mellom anna at vi ikkje kan gi informasjon om din helsetilstand til pårørande utan at du har gitt ditt samtykke.
Vi ønsker at du sjølv informerer pårørande om helsa di, når helsetilstanden din gjer deg i stand til det. Kvar pasient skal ha ein pårørande som er hovudkontakt for helsepersonellet. Vi treng namn og telefonnummer. Det er mogeleg å avtale ein informasjonssamtale med legen, saman med ein eller fleire pårørande dersom du ønsker det.

Vi på avdelinga kan hjelpe til med informasjon og oppfølging av barn som er pårørande til alvorleg sjuke. Vi kan gi råd og rettleiing til føresette/besteforeldre, og hjelpe til med å informere skule/barnehage og helsesøster. Alle avdelingar har eigen kontaktperson for «Barn som pårørande», spør oss på avdelinga om dette.

Ønske om permisjon vil som regel innvilgast etter avtale med lege. Vi gjer merksam på at reiseutgifter i samband med permisjon ikkje blir dekka av NAV eller sjukehuset.

Pasientkantina ligg i avdelinga og er berre for pasientar. Vi legg stor vekt på å tilby pasientar tilpassa og næringsrik kost. Pårørande og besøkande kan kjøpe mat i kantina i 6.etasje eller i kiosken i 1. etasje.

Vi har følgjande servering i pasientkantina i 2. etasje:

Kl. 08.00-09.30 Frukost
 Kl. 11.30-12.30 Lunsj
Kl. 14.00-15.30 Middag
 Kl. 18.30-19.30 Kvelds.

Slik finn du fram

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund