Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ernæring og tilskot av vitamin og jern til barn med fødselsvekt under 2,5 kg

Barnet ditt vog under 2,5 kg ved fødselen. Barn med låg fødselsvekt har mindre jernlager enn større barn, og treng derfor ekstra tilførsel av jern det første leveåret.

Om matmengde og vektauke

Det daglege mjølkemengdebehovet til spedbarn varierer, men tilsvarer om lag 12–15 % av kroppsvekta til barnet (120–150 ml/kg). Vektauke er det viktigaste teiknet på om barnet får nok mat. For barn med låg fødselsvekt er det derfor viktig med tett oppfølging av ernæring og vektutvikling.

  • Barnet si vekt bør kontrollerast kvar veke den første tida etter heimreise. Ei vekeleg vektauke på om lag 100–200 g/veke er vanleg, men kan vere noko lågare dei første vekene.
  • Barnet si lengde- og hovudvekst er òg viktig, og skal kontrollerast jamleg på helsestasjonen.

Fast føde til for tidleg fødde barn bør innførast etter at barnet har nådd 3 månader korrigert alder, det vil seie ein stad mellom 4–8 månader kronologisk alder. Tidspunktet for innføring av fast føde må tilpassast det enkelte barnet og vurderast ut frå teikn på modenheit. Ved utilstrekkeleg vekst og/eller dersom barnet verkar svelt sjølv med hyppige mjølkemåltid, kan det vere eit teikn på at barnet vil ha nytte av fast føde. Vanleg kumjølk bør ikkje gjevast før ved 1 års korrigert alder.

Om vitamin D

Det er tilrådd at alle norske barn får tilskot av vitamin D. Morsmjølkerstatning er tilsett vitamin D. Dersom barnet får minst 600 ml morsmjølkerstatning dagleg, treng det ikkje ekstra vitamin D-tilskot.

Om jern

Barn som veg under 2,5 kg ved fødselen har høg risiko for å utvikle blodmangel (anemi) utan ekstra jerntilskot det første leveåret. Nok jern er òg viktig for den mentale utviklinga til barnet.

Jerntilskot er tilrådd frå rundt 4 vekers alder og fram til 1 års alder.

Barn med fødselsvekt mellom 2,0 og 2,5 kg kan slutte med jern ved 6 månader dersom dei et jernberika graut.

Jern kan føre til mørk avføring og av og til magesmerter. Ved sterke magesmerter kan dosen reduserast ei stund. Dersom ein sluttar heilt med jern (ikkje tilrådd før korrigert 6 månader), bør blodprosent (Hb + MCV) og eventuelt jernlager (ferritin) kontrollerast hos fastlegen.

Barn som hovudsakleg får morsmjølk

Nycoplus D3-vitamin dråpar (1 dråpe = 2 mikrogram vitamin D)

Kjøpast reseptfritt på apotek.

Oppstart og varigheit: Start ved 1 vekes alder

Dosering: 5 dråpar (10 mikrogram) dagleg

Varigheit: Heile første leveår

Maltofer® jerndråpar 50 mg/ml (1 dråpe = 2,5 mg jern)

Kjøpast reseptfritt på apotek.

Oppstart: Start ved 4 vekers alder

Dosering:

  • Opp til 3,5 kg: 3 dråpar dagleg*
  • 3,5 kg og oppover: 4 dråpar dagleg*

*For barn som får jernberika graut dagleg: 2 dråpar dagleg

Varigheit:

Fødselsvekt < 2 kg: Heile første leveår

Fødselsvekt 2,0–2,5 kg: 6 månader (forutset inntak av jernberika graut)

Barn som hovudsakleg får morsmjølkerstatning

Morsmjølkerstatning (MME) er tilsett både D-vitamin og jern. Tilrådde dosar av tilskot er derfor lågare enn for barn som vert amma/fullamma.

Nycoplus D3-vitamin dråpar (1 dråpe = 2 mikrogram vitamin D)

Kjøpast reseptfritt på apotek.

Kven: Dersom barnet får mindre enn 600 ml MME per dag

Dosering: 3 dråpar dagleg

Varigheit: Heile første leveår

NB: Barn som får meir enn 600 ml MME per dag treng ikkje vitamin D-tilskot.

Maltofer® jerndråpar 50 mg/ml (1 dråpe = 2,5 mg jern)

Kjøpast reseptfritt på apotek.

Kven: Spedbarn med fødselsvekt under 2,5 kg

Oppstart: Start ved 4 vekers alder

Dosering:

  • Opp til 3,5 kg: 2 dråpar dagleg*
  • 3,5 kg og oppover: 3 dråpar dagleg*

*For barn som får jernberika graut dagleg: 2 dråpar dagleg

Varigheit:

Fødselsvekt < 2 kg: Heile første leveår

Fødselsvekt 2,0–2,5 kg: 6 månader (forutset inntak av jernberika graut)

Sist oppdatert 17.06.2025