Nyrepoliklinikk, Haugesund sjukehus
Nyremedisinsk poliklinikk - slik tilviser du
Tilvising til nyremedisinsk poliklinikk ved Haugesund sjukehus skal gjerast ved mistanke om eller ved påvist nyresjukdom som treng spesialistutgreiing.
Kva pasientgrupper skal tilvisast
- Pasientar med kronisk nyresjukdom
- Bruk “Veileder for samhandling om pasienter med kronisk nyresykdom”
- Korriger reversible årsaker til nyresvikt: dehydrering, lågt blodtrykk, postrenalt avløpshinder og bruk av NSAIDs eller andre nefrotoksiske medikamenter før ein konkluderer CKD-stadium.
- Vurder skrøpelegheit, forventa livslengde, progresjonstakt. Nytten av utgreiing og behandling skal vektleggjast.
- Proteinuri og hematuri
- Funn av protein i urin eller blod i urinen som ikkje kan forklarast av infeksjon eller urologiske årsaker (nyrestein, kreft), særleg ved kombinasjon av begge deler.
- Cystenyrer eller andre medfødde nyresjukdommar
- Vanskeleg regulerbar hypertensjon (høgt blodtrykk som ikkje let seg kontrollere ved bruk av 3 BT-medisiner i maksimal tolererbar dose, der eitt av medikamenta er tiaziddiuretikum).
Kva må tilvisinga innehalde
For at nyrespesialistar skal kunne vurdere og prioritere riktig, bør tilvisinga innehalde:
- Problemstilling
- Bakgrunn (tidlegare sjukdommar, særleg hypertensjon, diabetes mellitus, hyperkolesterolemi, kardiovaskulære sjukdommar)
- Laboratoriesvar:
- Blodprøver: Hb, CRP, elektrolytter, kreatinin, eGFR, HbA1c og andre relevante prøver
- Urin: U-stix og urin-albumin/kreatinin-ratio
- Tidlegare funn: Sammenligning med tidligere prøvesvar for å kunne vurdere om tilstanden er akutt eller kronisk, evt. raskt progredierande
- Status presens: BT, vekt, BMI, relevante funn som ødemer osv.
- Billeddiagnostikk dersom dette er utført (ultralyd urinveier, ...)
- Oppdatert medikamentliste
Ved akutt nyresvikt utan prerenale årsaker eller ved alvorlege elektrolyttforstyrringar skal pasienter som regel ikkje tilvisast til poliklinikk, men leggjast inn øyeblikkeleg via akuttmottaket.
Sist oppdatert 16.04.2026