Operasjon og anestesi, Odda sjukehus

For pasientar der sjukehusval enno ikkje er avklart

Etter at du har vore til vurdering hos ein kirurg, får du tilsendt eit helseerklæringsskjema på Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge.

Du må sjølv fylle ut dette skjemaet.

Ein anestesilege går gjennom opplysningane du har gitt, og vurderer om operasjonen kan gjennomførast ved Odda sjukehus. Nokre gongar kan det vere nødvendig å vise deg vidare til eit anna sjukehus for operasjon.

Sist oppdatert 03.06.2025