Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Operasjonsavdelinga Haugesund sjukehus

Operasjonar for barn

Skal barnet ditt ha ein operasjon? Her finn du informasjon om kva som skjer på sjukehuset.

Informasjon om bedøving (anestesi)

Informasjonsvideo for barn

I eigen bil til operasjonsstova

I begge endar av første etasje på Haugesund sjukehus blir barn operert. Det er noko mange gruer seg til. Då har vi ei lita overrasking.

No kan nemleg dei minste køyre fram til operasjonsstova.

Ein raud liten elektrisk bil står klar i gangen som leier vidare inn til operasjonsstovene. Barn kan køyre enten ei av dei to korte rutene rundt ein sving, eller ei lenger rute rett fram til enden av gangen.

Haugesund sjukehuset har også ein bil til dei aller minste på venterommet til øyre-nase-hals.  

Sist oppdatert 14.09.2026