Ei sjukehusseng med sengetøy og handkle
Operasjonsavdelinga Haugesund sjukehus

Til deg som skal innleggast før operasjon

Dette gjeld deg som har fått beskjed i innkallingsbrevet at du skal leggast inn i forkant av operasjonen.

Før operasjonen

  • Vi tek nødvendige prøver og gjer førebuingar før operasjonsdagen.
  • Vi vurderer kva type bedøving du skal ha.
  • Du får beskjed om faste og kva medisinar du skal ta eller ikkje.

På operasjonsdagen

  • Vi tek målingar, gir deg medisinar og legg inn venekanyle (eit lite røyr i ei blodåre).
  • Du blir køyrd til operasjonsavdelinga når det er din tur.

Etter operasjonen

  • Du får oppfølging på oppvakingsavdelinga.
  • Når du er vaken, kjem du tilbake til sengeposten.
  • Der får du vidare oppfølging og smertelindring.

Under opphaldet

  • Personalet følgjer deg tett opp gjennom heile opphaldet.
  • Du får informasjon om bevegelse og aktivitet etter operasjonen, mat og vidare behandling.
  • Sei frå dersom du har smerter eller spørsmål.
Sist oppdatert 31.08.2026