En lege som undersøker en pasient

Øre-nese-hals

Vi tilbyr utgreiing og behandling av dei fleste vanlege sjukdomar og tilstandar innan øyre-nase-hals-faget. Vi har poliklinikk, operasjonsavdeling og høyresentral. Vi er opptatt av kvalitet og pasienttryggleik og at du som pasient og pårørande skal føle deg godt i varetatt hos oss.

Vi utfører operasjonar som fjerning av mandlar og polyppar, innsetting av ventilasjonsrøyr i øyra, lapping av hol i trommehinna, retting av skjeiv nase, biholeoperasjonar, blautdelsoperasjonar og tannbehandling som krev narkose. Vi har utgreiing av hode/hals-kreft og noko oppfølging, men sjølve behandlinga skjer ved Haukeland universitetssjukehus.

Ved høyresentralen jobbar audiografar og legar som driv med utgreiing av høyrsle, og vi bestiller, tilpassar og reparerer høyreapparat. Vi har jamlege kurs for pasientar og pårørande om tinnitus/øyresus.

I samarbeid med Odda sjukehus tilbyr vi utgreiing og behandling av søvnapné, som du kan lese meir om under Søvnpoliklinikken. Vi har også utgreiing og behandling for allergi. 

Nedst på sida finn du pasientinformasjon om fleire av undersøkingar og behandlingar vi tilbyr.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Poliklinikken er stengt i helger og heilagdagar.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Våre lokalar er i første etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund