Høyrselskontaktar
Dei fleste kommunar har ein høyrselskontakt. Høyrselskontakten samarbeider med NAV hjelpemiddelsentral om å kartleggje behov for høyrselshjelpemiddel. Dei kan hjelpe med utprøving av hjelpemiddel og søknader til NAV.
Kommunale høyrselskontaktar
Det er som regel éin høyrselskontakt i kvar kommune. Mange er ergoterapeutar med ansvar for både høyrsel og andre fagområde, til dømes syn.
Høyrselskontakten kan kome på heimebesøk og vurdere kva hjelpemiddel og tilrettelegging du har behov for der du bur. Dei kan også hjelpe dersom tilbehøyr til høyreapparatet må installerast eller koplast opp heime.
Ta kontakt med kommunen din for å få kontakt med ein høyrselskontakt. Audiografen din hos oss kan også tilvise deg dersom det er behov for det.
NAV hjelpemiddelsentral
Høyrselshjelpemiddel er meir enn høyreapparat. NAV hjelpemiddelsentral har også hjelpemiddel for varsling, kommunikasjon og tilrettelegging i kvardagen. Dette kan til dømes vere utstyr til bruk heime, i tillegg til høyreapparat.
NAV hjelpemiddelsentral kan også bidra med tilrettelegging på skulen (kontakt via audiopedagog) eller på arbeidsplassen (kontakt via arbeidsgivar).