Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helseekspressen

Helseekspressen går i fast rute mellom Haugesund sjukehus og Haukeland universitetssjukehus, med retur på ettermiddagen. Bussen går frå måndag til fredag.

Helsepersonellet om bord gir profesjonell hjelp dersom du skulle trenge det undervegs. Dyktige sjåførar og ein spesialtilpassa buss sørgjer for ei trygg og behageleg reise.

Oppmøte kl. 07.10 ved hovudinngangen til Haugesund sjukehus.
 

Avgang frå Haugesund sjukehus

Haugesund sjukehus

07.20

Aksdal terminal

07.40

Haukås terminal

08.00

Føyno

08.25

Leirvik bussterminal

08.37

Stord sjukehus

08.50

Sandvikvåg

09.30

Halhjem

10.15

Ankomst Haukeland

10.50

 
​​Det er mogleg å sitte i bussen under fergeturen.​

Avgang frå Haukeland universitetssjukehus

Haukeland

14.25

Halhjem*

15.00

*Ankomsttidene på returen kan variere noko. Bussen tek ferja kl. 15.00. Ved forseinkingar blir det avgang med ferja kl. 15.20.

Sandvikvåg

15.45

Stord sjukehus

16.10

Leirvik bussterminal

16.30**

**Hurtigbåt til Sunde båt-kai 17:05​

Føyno

16.45

Haukås

17.05

Aksdal

17.20

​​Det er mogleg å sitte i bussen under fergeturen.

Du kan kontakte oss på:

Telefon 05515

Våre telefontider er måndag-fredag kl. 08.00-15.30.  

E-post: pasientreiser@helse-fonna.no  

NB! Ikkje send sensitive opplysningar som f.eks. innkallingsbrev, pr e-post. Bruk VestDialog

Benytt VestDialog for sikker sending av e-post via ID-porten

Les korleis du går fram ved bruk av VestDialog for trygg sending av e-post til Helse Fonna 

Postadresse

Helse Fonna HF
Pasientreiser
Postboks 2170
5504 Haugesund



 

  • Tre båreplassar (må bestillast av behandlar via AMK)
  • To sitjeplassar med litt betre beinplass (må bestillast av behandlar via AMK)
  • 20 sitjeplassar i fremre del av bussen
  • Heis
  • Handikaptoalett
  • Regulerbare sete
  • Medisinsk utstyr og medisinar om bord
  • Hjartestartar
  • Utstyr for medisinsk overvaking 
  • Plass til rullestol
  • Kald og varm drikke
  • Trådlaust internett
  • Bussen har spesiallaga støytdemparar som gjer at ujamnheiter i vegen blir mindre merkbare for pasientane

Når du skal til behandling eller undersøking ved helseinstitusjonar og spesialistar som har avtale med Helse Vest RHF.

Tilbodet gjeld befolkninga i Helse Fonna sitt opptaksområde. Bussen går i fast ekspressrute, og du blir frakta til busshaldeplassen med drosje eller personbil.

Med rekvisisjon

Har du behov for tilrettelagd transport, må du ta kontakt med behandlaren din for å få rekvisisjon.

Utan rekvisisjon

Har du ikkje rekvisisjon, bestillar du reisa hos Pasientreiser på telefon 05515. 

Det kan leggjast inn seriebestilling for fleire reiser samtidig.

Alle bestillingar til Haukeland må gjerast seinast kl. 13.00 siste verkedag før reisa.

Ved stor pågang kan bestillingane bli stengde tidlegare for pasientar utan rekvisisjon. Dersom du reiser tur-retur same dag, får du plass på Helseekspressen begge vegar. Dette gjelder også deg som ikkje har rekvisisjon. 

Returpasientar frå Haukeland utan rekvisisjon kan melde seg i ventearealet til Haukeland sjukehus eller ringe 05515 for å bestille transport med Helseekspressen. 

Pasientar kan setje seg på venteliste og få plass med Helseekspressen dersom det er ledig plass frå ca. kl. 13:30. 

Om du blir innlagd eller ikkje er klar for heimreise i tide 

Blir du innlagd eller kjem for seint til avgangen frå Haukeland, gjeld vanlege reglar for rekvirering av transport. 

Med rekvisisjon: Dersom du har rekvisisjon og skal reise tur-retur same dag, men ikkje er klar når Helseekspressen køyrer, må du gi beskjed til Pasientreiser på telefon 05515. Då gjeld vanlege reglar for rekvirering av transport. 

Utan rekvisisjon: Dersom du ikkje har rekvisisjon, må du reise heim med Kystbussen dersom du er sein til returavgangen.

Pasientar som har bestilt tur-retur same dag, men som ikkje er ferdige når Helseekspressen går, må gi beskjed til Pasientreiser på telefon 05515 så snart som mogleg. 

Pasientar utan rekvisisjon må reise heim med Kystbussen.  

Det må vere medisinsk vurdert av behandlar at ledsagar er nødvendig på sjølve reisa.

Dersom pasientar utan rekvisisjon ønskjer å ha med pårørande, må dei reise med Kystbussen. 

Alternativt kan pasienten reise med Helseekspressen, medan den pårørande tek Kystbussen og møter pasienten på Haukeland. Kystbussen går parallelt med Helseekspressen. 

Alle må betale eigendel etter satsane som er fastsette for det gjeldande året. Personar med frikort, ledsagarar og barn under 16 år slepp å betale eigendel.

Egenandel og satser for pasientreiser - Helsenorge

I Helseekspressen finn du komfortable sete og tilgang til varm og kald drikke. Det er helsepersonell om bord som kan hjelpe med å bestille drosje vidare frå stoppestaden, eller bestille portør som møter pasienten ved ankomst til Haukeland. 

Dersom ein pasient til dømes får brystsmerter under reisa, kan sjukepleiaren ta EKG av hjartet og sende resultata direkte til hjerteovervakinga for vurdering.  

Helseekspressen er også rimeligare Kystbussen for dei som skal til behandling. Du slepp dessutan å sende inn reiserekning i etterkant.  

Sist oppdatert 17.11.2026