Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sjukehusprest

Det er låg terskel for å ta kontakt med prestetenesta i Helse Fonna. Vi tilbyr samtalar for pasientar, pårørande og tilsette – for deg som treng nokon å snakke med om tankar, kjensler og opplevingar. Hos oss kan du dele det som er viktig for deg, i ein trygg samtale med teieplikt – utan journalføring.

Våre oppgåver 

Samtaler 

  • i glede, sorg, kvardag og kriser 
  • om livsspørsmål, tru og meining – uavhengig av kulturell bakgrunn 
  • om personlege eller familiære forhold 

Ritualer og kyrkjelege handlingar 

  • avskjeds- og minnestunder 
  • nattverd, forbøn, velsigning og skriftemål 
  • bibelord og salmesong 
  • dåp og vigsel 
  • lystenning 

Meir om tenestene våre

Vi tilbyr undervisning til tilsette i eksistensielle tema. Sjukehuspresten blir nytta på fagdagar, i internundervisning og i refleksjonsgrupper. 

Prestetenesta er ein ressurs og samarbeidspartnar for fagmiljø ved sjukehuset i spørsmål om åndeleg og eksistensiell omsorg, etikk og andre fagområde. Sjukehuspresten deltek i klinisk etikk-komité og i tverrfaglege behandlingsmøte.  

Vi tilbyr samtalar med pasientar for å støtte dei i livssituasjonen deira, og gir støtte til pårørande.  

Eit sjukehusopphald kan skape behov for samtale og nærvær. Vi gir støtte til pasientar og pårørande, og legg til rette for refleksjon og deling av opplevingar som kan vere vanskeleg å bere åleine. Du avgjer sjølv kva samtalen skal handle om.

Vi har ei sorggruppe for foreldre som har mista barn i mors liv og kort tid etter fødselen. Gruppa heiter Englebarna Haugalandet. 

Les meir om Englebarna - Helse Fonna HF 

Vi gir støtte og krisehjelp ved ulykker og plutselege dødsfall, og kan vere bindeledd til støtteapparat og institusjonar utanfor sjukehuset. 

Pasientar med anna tru eller livssyn enn Den norske kyrkja skal få kontakt med sitt trus- eller livssamfunn når dei ønskjer det. Vi hjelper med å formidle kontakt. 

Tilgjengelegheit og beredskap 

Vi har base på Haugesund sjukehus, men dekkjer alle lokasjonar i Helse Fonna – innan både fysiske og psykiske helsetenester.  DPS-ane får også jamleg besøk av oss.  

Sjukehusprestane har døgnvakt, og du kan få kontakt med oss gjennom avdelinga eller resepsjonen. 

Sjukehuspresten blir tilkalla for å støtte pårørande ved mindre og større ulykker, og alvorleg sjukdom. På fødeavdelinga er presten med når sorga rammar. Ved debriefing etter dramatiske hendingar er sjukehuspresten ein av støttespelarane. 

 

Om prestetenesta

Sjelesorg er hovudoppgåva til sjukehuspresten. Dette er samtalar av åndeleg og/eller eksistensiell karakter, der ein møter menneske med omsorg i den situasjonen dei står i.   

Gjennom teologisk utdanning, klinisk praksis og vidareutdanning i pastoral klinisk utdanning (PKU) har sjukehusprestane kompetanse og erfaring i sjelesorg.  

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at eit stort fleirtal i Noreg høyrer til eit trus- og livssynssamfunn. Sjølv om kristne er i fleirtal, finst det eit mangfald. Ved behov kan prestetenesta formidle kontakt med andre trus- og livssynssamfunn, mellom anna via Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL). 

Helsedirektoratet peikar på at åndelege og eksistensielle behov ofte blir aktualiserte ved alvorleg sjukdom. Kompetanse på dette området er viktig for å kunne gi heilskapleg omsorg. Spiritual care er ei internasjonal nemning for dette fagfeltet.  

Kjerneoppgåver 

  • Tilgjengelegheit: Mange samtalar skjer etter tilkalling, men også gjennom at prestane er til stades på avdelingar. Slik kan fleire få høve til den uplanlagde samtalen med nokon som har tid til å lytte. 
  • Kyrkjelege handlingar: Prestane tilbyr symbolhandlingar som lystenning, nattverd, dåp, vigsel, gravferd, forbøn og bibelord. For mange er dette viktige uttrykk for trøyst, håp og meistring.   
  • Undervisning og rettleiing: Sjukehusprestane held undervisning og leier refleksjonsgrupper for pasientar, pårørande og personale.  

Kontakt

Sentralbord

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sjukehuspresten møter deg der du er innlagt. Ta kontakt med oss direkte, via personalet på avdelinga eller ved å kontakte resepsjonen, telefon 52 73 20 00.

Sjukehusprestar:

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

Et tre med en bygning i bakgrunnen

Valen sjukehus

Sjukehusvegen 23

5451 Valen