Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rus og avhengighet

Avdeling for rus og avhengighet gir behandling til personar med psykiske lidingar og rusproblem. Vi held til i Haugesund og i Kopervik.

Vi arbeidar tverrfagleg og målretta saman med pasienten, og samarbeidar tett med andre delar av spesialisthelsetenesta og kommunale instansar. 

I poliklinikken tilbyr vi tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

TSB er nemninga på rus- og avhengigheitsbehandling på spesialistnivå kor behandlinga er eit samarbeid mellom pasient og medarbeidarar med medisinsk, psykologisk og sosialfagleg kompetanse.

Overordna er målet å gi pasienten hjelp til å meistre livet utan rusmiddel.

For å setje realistiske mål/delmål ser vi blant anna på:

  • Rusdebut
  • Varighet
  • Rusmiddel
  • Psykisk og fysisk helsetilstand
  • Relasjoner
  • Utdanning/arbeid
  • Økonomi

Vi samarbeider med:

  • LAR poliklinikk/utdeling
  • Kommune
  • NAV
  • Fastlege
  • Pårørande
  • Rusbehandlingsinstitusjonar

Tilvising

For å få utgreiing og/eller behandling for rus- og avhengigheitsproblem i TSB må ein tilvisast frå lege, psykolog, sosialtenesta eller anna helsepersonell som har rett til å tilvisa til TSB.

Når spesialistheilsetenesta får tilvisinga blir rett vurdert til helsehjelp i TSB basert på prioriteringsrettleiaren frå Helsedirektoratet: Tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) - Helsedirektoratet

Vi tilbyr tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til unge vaksne i alderen 18-26 år.

Mål for behandlinga:

  • Eit rusfritt liv
  • Bedra fysisk og psykisk helse
  • Auka sosial kompetanse
  • Eit trygt nettverk
  • Generell meistring av kvardagen

Behandlingstilbod

  • Strukturert kvardag
  • Miljøterapi
  • Individuell samtaleterapi
  • Grupper
  • Fysisk aktivitet (med tilgang til svømmehall, idrettshall og treningssenter)

Tilvising 

Vi tar ikkje imot primærtilvisingar, berre sekundærtilvisingar på pasientar som er i poliklinisk behandling innanfor TSB.

Som tilvisar i spesialisthelsetenesta kan du ta direkte kontakt med oss på telefon for meir informasjon om behandling og plasskapasitet/ventetid. Vi vil også rettleie deg vidare i tilvisingsprosessen.

Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er eit behandlingstilbod innan Tverrfaglig Spesialisert Rusbehandling (TSB).

Formålet med LAR er at personar med opioidavhengnad skal få best mogleg helse, auka livskvalitet og bistand til å endre livssituasjonen sin – og dessutan redusere skadane og faren for overdosedødsfall.

LAR Haugesund er organisert som ein poliklinikk der substitusjonsbehandling inngår som eit deltiltak i eit heilskapleg rehabiliteringsforløp.

Tilvising

Viss du har ein avhengnad til opioid (medisinske preparat eller rusmiddel) og ønskjer behandling for dette kan du be lege, psykolog, sosialtenesta eller anna helsepersonell om å tilvise deg til Vurderingseininga i TSB poliklinikken. 

Tilvisinga bør innehalde dokumentasjon på opioidavhengnad, eventuelt tidlegare behandling, og anna relevant informasjon, slik at Vurderingseininga skal kunne vurdere tilvisinga på best mogleg måte.

Nyttige lenker

Avgiftingsposten er eit døgntilbod med avrusingsplassar for pasientar som er i eit behandlingsopplegg innan tverrfagleg spesialisert behandling (TSB). Avrusingsbehandling gjeld for pasientar over 18 år som treng tett medisinsk oppfølging.

Kven behandlinga for avrusning på institusjon gjeld, bør vurderast når eitt eller fleire av desse tinga er til stades:

  • avhengigheit av fleire rusmiddel
  • injeksjonsbruk
  • omfattande blandingsmisbruk av fleire rusmiddel
  • tidligare komplikasjonar ved avrusning og kompliserande tilstander

I nokre tilfelle bør oppstart av legemiddelassistert rehabilitering (LAR) skje på døgninstitusjon, det same gjeld for enkelte omstillingar av LAR-medisin.

Behandlingsforløp

Avrusing er som regel den første delen av eit lengre behandlingsforløp. Vidare behandling og oppfølging etter opphaldet skal vere avklart før du kjem til oss.  Lengda på opphaldet hos oss vil variera ut frå kva rusmiddel du har brukt og i kva mengder, men vanlegvis 1-3 veker. Alle pasientar får sitt eige rom med TV.

Kva inngår i behandlinga

Avrusing på institusjon inneber medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome igjennom avrusings- og abstinensfasen ved rusmiddelavhengigheit. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.

Nokon kan grue seg til avrusinga og slit med eigenmotivasjonen før innlegginga. Hjelpa vår til deg skal ytast med respekt for din integritet og dine behov. Vi skal ta godt vare på deg i ein særleg sårbar periode.

Under opphaldet

Du får først time til forvernssamtale med lege og sjukepleiar. I denne samtalen går ein igjennom aktuell rusmiddelbruk og din motivasjon, slik at vi kan planleggje best mogleg behandling for deg.  Du vil også få informasjon om posten og om behandlinga, og kva aktivitetar vi har hos oss. Her kan du også kome med spørsmål.

Ved innlegging bør du ha med deg

  • Klede til dagleg bruk
  • Sko og klede til tur og aktivitet
  • Toalettsaker

Under opphaldet oppmodar vi deg om å halde kontakt med familie og andre nærståande. Besøk blir avtalt med posten på førehand.

Avgiftningsposten følgjer sjukehuset sine besøkstider, kl. 17.00-18.30.

Les meir om tilvising og rettar i TSB og behandling:

Praktisk informasjon

Besøkstider for pårørande blir avtalt med den enkelte posten.

Innsending av dokumentasjon

​I Helse Fonna nyttar vi eit system som heiter Checkware, ei digital løysing der pasientar sjølv kan registrere data sjukehuset treng, før, under, eller etter eit behandlingsforløp.

Sjå Checkware - Helse Fonna HF

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

eDialog – eit sikkert alternativ til e-post

Gå til eDialog
Via denne tenesta kan du trygt sende oss meldingar med personsensitive opplysningar.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kopervik: Oppmøte i resepsjonen.

Haugesund sjukehus: Inngang A.

Strandgaten: Inngang ved siden av bygget, ned en etasje.

Adresser

Postadresse

Helse Fonna
Postboks 2052
5504 Haugesund

Besøksadresse

TSB post og TSB poliklinikk
Asaldalvegen 1
4250 Kopervik

Besøksadresse

TSB poliklinikk og avgiftningspost
Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Besøksadresse

LAR poliklinikk, Haugesund
Strandgaten 202
5525 Haugesund

eBehandling

Helse Fonna tilbyr behandling over internett til deg som er plaga med depresjon, panikkliding eller sosial angst.

e-Behandling
En person som holder en telefon