Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er behandling av opioidavhengnad. Personar som er avhengig av heroin eller andre opioid får medisinar som kan erstatte dei. Formålet er å bidra til auka livskvalitet og å redusere skadane av opioidavhengnaden og risikoen for død av overdose.
Som namnet tilseier, er LAR eit rehabiliteringstilbod støtta av behandling med eit legemiddel – eit opioid. I tillegg kan du få hjelp til bustad, aktivitet, utdanning og arbeid. Tilbodet er ein del av den delen av spesialisthelsetenesta som blir kalla tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB). Om du har ein avhengnad til opioid og ønsker behandling for denne lidinga, kan du be fastlegen din eller anna helsepersonell om å vise deg til TSB.
Du er i LAR frå den dagen ein lege i spesialisthelsetenesta har godkjent behandlinga med opioid legemiddelstøtte. Denne legen og behandlaren i LAR vil planlegge forløpet av behandlinga saman med deg.
Å vere med og bestemme er ein rett du har.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
Du får informasjon om behandlingstilbodet.
Vi avklarer saman formålet med behandlinga.
Vi avklarer saman kva ressurspersonar som skal vere med i ei ansvarsgruppe.
Vi inngår vi avtaler for å sikre ei forsvarleg behandling.
Vi avklarer kva legemiddel du skal bruke i behandlinga.
Vi avklarer om oppstart med legemiddelet skal skje i poliklinikk eller i institusjon, og når du skal starte.
Vi kartlegg også saman med deg sider ved livet ditt som kan ha noko å seie for behandlinga, som for eksempel fysisk og psykisk helse.
Behandlar i LAR vil legge til rette behandlingsforløpet etter behova og ønska dine.
Du får tilbod om terapeutiske samtalar. Temaa i slike samtalar kan vere meistring av rus og tilbakefall til, kartlegging av psykisk og fysisk helse, og handtering av problem og belastningar i kontakten din med andre menneske og i kvardagen din. Du kan også få tilbod om terapeutiske samtalar om traumatiske erfaringar og behandling for angst og depresjon.
Vi følger opp den fysiske helsa di i samarbeid med fastlegen din. Det blir etablert ei ansvarsgruppe som består av deg, fastlegen din, behandlaren din i LAR, ein eventuell kontakt i kommunen eller andre relevante personar.
Vi utarbeider saman ein behandlingsplan for at du skal kunne oppnå måla dine. Vi legg til rette for samarbeidsmøte om viktige tema, som eigna bustad, aktivitetar i kvardagen, forholdet til andre menneske, økonomi og psykisk og fysisk helse. Vi evaluerer jamleg verknaden av legemiddelet du får føreskrive, for at du skal ha best mogleg effekt av behandlinga.
Legemiddelet (opioidet) i behandlinga er gratis. Andre tilbod som er gratis er hepatitt C-behandling, tannbehandling og langtidsprevensjon for kvinner.
Når du ikkje lenger har behov for kontakt med behandlaren i LAR, kan fastlegen din følge opp opioidbehandlinga. Ansvaret for LAR-behandlinga ligg likevel hos legen i tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB). Vi ønsker derfor jamlege møte med fastlegen din. Oppfølginga til fastlegen av pasientar i LAR, skal altså alltid skje i nært samarbeid med spesialisthelsetenesta.
Om du ønsker å avslutte behandlinga, skal vi legge til rette for det. Vi åtvarar derimot mot å avslutte med mindre det er god grunn til å tru at du vil klare deg utan opioid.
Om behandlinga ikkje har effekt på deg, eller om ho ikkje lèt seg gjennomføre på forsvarleg måte, kan vi vurdere det slik at behandlinga må avsluttast.
Ei eventuell nedtrapping blir planlagd og gjennomført i samarbeid mellom deg og lege i tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB). Du blir følgd opp med tett rådgiving og støtte under og etter nedtrapping for å redusere risikoen for tilbakefall.