Psykisk helsevern for vaksne (PHV) - tilvising til Stord DPS
Dersom pasienten har eitt eller fleire teikn på alvorlege psykiske lidingar er det grunnlag for å bli tilvist via lege eller psykolog til behandling i spesialisthelsetenesta.
Pasienten kan og bør sjølv vere med på å utarbeide tilvisinga (henvisning).
Dette må vere med i tilvisinga:
- Personopplysningar (namn, fødselsnummer, adresse, telefonnummer).
- Familiesituasjon.
- Historikk og status i forhold til psykisk og somatisk helse, inkludert relevante blodprøver.
- Medisinar.
- Rusmiddelhistorikk.
- Skule/arbeid/økonomi.
- Involverte instansar og samarbeidsrelasjonar.
- Iverksette og planlagde tiltak.
- Individuell plan (IP).
- Ressursar og eventuelle utfordringar til pasienten.
- Mål for behandling.
Tilvisinga sendast elektronisk eller pr. post til:
Stord DPS
PB 2170
5504 Haugesund
Når spesialisthelsetenesta mottar tilvisinga, blir det vurdert om pasienten har rett til helsehjelp, og frist for start av behandling. Vurderinga blir gjort på bakgrunn av informasjonen i tilvisinga, og i tråd med prioriteringsforskrifta og prioriteringsrettleiarar.
Sist oppdatert 11.11.2026