Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Urologisk avdeling

Vi utgreier og behandlar sjukdomar i urinvegane for menn, kvinner og barn. Faget urologi omfattar også sjukdommar og tilstandar i dei mannlege kjønnsorgana. Du finn oss på sjukehusa i Haugesund og på Stord.

Vi utfører ulike typar kirurgi:

  • ytre kirurgi på mannlege kjønnsorgan
  • steinkirurgi
  • operasjon av nyrekreft og blærekreft
  • misdanningar/forsnevringar i urinveger
  • godarta prostataoperasjonar

Vi utfører operasjonar som forhudsplastikk og testikkelinngrep på barn. 

Viktig informasjon om innkalling til time

Du får eit innkallingsbrev med tid og stad for timen din, og kva undersøkingar du eventuelt skal ha. Du får òg informasjon om kvar du skal få behandling, i Haugesund eller på Stord.

Innkallingsbrev kjem digitalt via helsenorge.no. Har du ikkje tilgang til helsenorge.no eller annan digital postkasse, får du brev i postkassen.

NB! Det er viktig at du leser innkallingsbrevet i god tid før timen. Ofte må du ta undersøkingar før du kjem til timen.

Medisinar: ta med ei oversikt over medisinane du bruker. Denne bør innehalde namn på medisinen, dose, kor ofte du tek han, og om medisinen er fast eller ved behov.

Om utgreiing og behandling

Du treng tilvising frå fastlege eller anna sjukehus før du kjem til behandling. Vi sender brev direkte heim til deg om tid, stad og kva undersøkingar vi eventuelt skal gjere.

Du finn poliklinikken i første etasje ved Haugesund sjukehus, i kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt i ekspedisjonen når du kjem.

Telefon til urologisk poliklinikk er 52 73 24 50.

Ta kontakt i ekspedisjonen når du kjem.

Dersom din tilstand krev innlegging eller behandling/operasjon, vil du bli innlagd på Gastro/urologisk sengepost i 4. etasje på Haugesund sjukehus.

Sengeposten ligg på Kirurgisk 4 vest. Vi har einerom, dobbeltrom og firemannsrom.

På sengeposten finn du ei lita sittegruppe i korridoren, samt ei daglegstove og terrasse som kan brukast av pasientar og pårørande.

For besøkande

Visittid for pårørande er frå klokka 17.00-18.30.

Vi har mange nyopererte og alvorleg sjuke pasientar som treng ro og ber difor besøkande vise omsyn.

Ved spørsmål før innlegging eller etter utskriving, ring oss på telefon 52 73 24 09, eller til sengepost telefon 52 73 24 30.

Skal du leggast inn for operasjon eller anna behandling på Stord sjukehus, møter du på kirurgisk avdeling i 2.etasje. 

Skal du til dagbehandling, møter du på Dagkirurgen i 2.etasje.

Er du kalla inn til poliklinikk, finn du denne i 1. etasje. Her finn du også uroterapeut.

Kontakt oss på Stord sjukehus

  • Resepsjonen: 53 49 10 00
  • Kirurgisk poliklinikk: 53 49 10 41
  • Dagkirurgi: 53 49 10 21
  • Kirurgisk sengepost: 53 49 10 10
  • Planleggingskontoret: 53 49 10 38

Kva skjer når du kjem til poliklinikken?

Når diagnosen er stilt, vurderer legen om du kan ha nytte av kirurgisk behandling. Dersom det blir planlagt operasjon, gjer vi nødvendige undersøkingar på førehand her på poliklinikken.

Urologiske plager og sjukdommar vi utgreier

  • Urinlekkasje (urininkontinens)
  • Problem med å tømme urinblæra
  • Smertefull eller hyppig vasslating
  • Kronisk urinvegsinfeksjon
  • Blod i urinen (synleg eller påvist ved urinprøve)
  • Nyrestein
  • Funn og plager som gir mistanke om svulst (god eller vondarta) i urinvegane.

Vanlege undersøkingar vi gjer

Cystoskopi

Cystoskopi er ei undersøking av blæra og urinrøyret. Eit tynt instrument med kamera og lys blir ført inn gjennom urinrøret og opp i blæra.

Cystoskopet kan være stivt eller bøyelig. Det er kobla til ein skjerm, slik at både du og legen kan inspisere urinblære, prostata og urinrør.

Cystometri

Cystometri er ei undersøking som er bestilt av urologen og utførast av uroterapeut. Undersøkinga går ut på å måle blæremuskelen sin funksjon. Blæra sitt trykk og kapasitet målast ved hjelp av sakte påfylling av vann via to tynne kateter. Det målast også trykk ved blæretømming.

Undersøkinga kan ta inntil 1,5 time, men skal ikkje være smertefull. Det er inga hensyn å ta etter undersøkinga.

Svar på undersøkinga gis vanligvis på neste kontrolltime hos urolog.

Flowmetri

Flowmetri er ein undersøking der du latar vatnet i ei trakt og eit måleapparat måler krafta på urinstråla og kor lang tid det tar å tømme blæra.

Etterpå målast det resturin ved hjelp av ultralyd. Då får du ultralydgelé på magen og vi måler med probe resterande urinmengde i blæra.

Pasientar som har urininkontinens, hyppige urinsvegsinfeksjonar eller problem med å tømme urinblæra, kan få oppfølging av uroterapeut.

Ein uroterapeut er ein sjukepleiar med spesialutdanning i dysfunksjonar i nedre urinvegar. I nært samarbeid med urolog deltek dei i utgreiing og behandling.

Nokre av våre pasientar får opplæring i å tømme urinblæra sjølve ved hjelp av eingongskateter. Opplæringa blir gitt av sjukepleiar på poliklinikken.

Vi har fire uroterapeuter ved Haugesund sjukehus og ein uroterapeut ved Stord sjukehus.

Det er ein kirurg som vurderer om pasientar treng oppfølging på poliklinikken etter utskriving frå sjukehuset.

Nokre opererte pasientar blir gjerne ønska inn til kontroll ein periode, andre går til kontroll hos eigen lege.

Ein del pasientar med kronisk sjukdom blir jamleg undersøkt av spesialist på poliklinikken.

Er det mistanke om kreft, får du din eigen forløpskoordinator. Koordinatoren har ansvar for å koordinere pakkeforløpet, bestille timar og anna, og er sjukehuset sin kontaktperson for deg som pasient og fastlegen fram til behandlingsstart. 

Forløpskoordinatorane kan kontaktast av både pasientar og fastlegar.

Sjå Forløpskoordinatorar - Helse Fonna HF for kontaktinformasjon for dei ulike krefttypane.

Når pasientar får påvist enkelte tilstandar som krev avansert kirurgi eller operasjon for prostatakreft, blir dei tilvist til andre sjukehus for behandling, avhengig av kvar kompetansen er. Dette er fordi vi ikkje tilbyr denne behandlinga hos oss. 

I slike tilfelle får du tilbod om utgreiing og behandling ved andre sjukehus eller hos privatpraktiserande spesialistar. Det krev at primærlegen har sendt ei tilvising.

Vi utfører ikkje rituell omskjæring hos oss.

Praktisk informasjon

Vil du endre eller avbestille time?

Då kan du logge deg på Timeavtaler - Helsenorge

Du kan også ringe poliklinikken for å endre timen din. Gi beskjed så tidleg som mogleg, slik at vi kan utnytte kapasiteten vår best mogleg.

Ved avbod same dag må du betale eigedel.

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

Kontakt

Urologisk poliklinikk

  • Måndag - Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT
Poliklinikken er stengt i helger og heilagdagar

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.