Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bruk av virtuell mørkebehandling ved mani og hypomani

Blåblokkerande briller (BB-briller) gjer at det ikkje kjem blått lys til augo. Dette blir oppfatta av hjernen som at dagslyset er borte, det skapar eit «virtuelt» mørke for hjernen. Dette kan vi bruke i behandling.

En dame med blålysblokkerande briller

Generelle prinsipp

Blå-blokkerande briller (BB-briller) gjer at det ikkje kjem blått lys til augene. Dette blir oppfatta av hjernen som at dagslyset er borte, og det skapar eit «virtuelt» mørke for hjernen.

Dette set hjernen og deretter resten av kroppen i nattmodus, medan deler av hjernen som dannar bilde oppfattar omgjevnadane som om det fortsatt er ganske lyst. Det virtuelle mørket fremjer ro og kvile, og hindrar blått lys i å bremse din eigen melatoninproduksjon. Det motverkar uro og uønska vakenhet på kvelden. Melatonin er eit viktig døgnrytme-hormon, og er eit viktig for vern for restitusjon av celler og organ om natta. 

Mørkeperiode

Mørkeperioden er perioden i døgeret frå ein tek på BB-brillene til ein ønskjer å stå opp. For å skape mørke for hjernen blir BB-brillene brukt til ein legg seg og skrur av lyset. Det er veldig viktig for effekten at ein bruker BB-briller eller er i helt mørke, eller alternativt er i rom med døgnrytmelys utan blått lys om kvelden/natta – i heile mørkeperioden. Det tek berre sekundar før lys har gjort hjernen aktiv og mindre enn 5 minutt før melatonin-nivået er heilt undertrykt. 

Om ein står opp i løpet av mørkeperioden bør ein ta på BB- brillene med før lyset blir slått på. Alternativt kan ein bruke lyskjelder på soverommet og badet som ikkje inneheld blått lys (døgnrytmelys med oransje farge). 

Døgnrytme

Sidan døgnrytmen blir tilpassa etter når ein tek på BB-brillene er det viktig å ta dei på til samme tid kvar dag og ikkje gjere store endringar på start-tidspunktet i løpet av ein kort periode. Ei brå endring, slik som å slutte brått eller endre starttidspunktet med fleire timar kan forstyrre døgnrytmen og uønska effekt på søvn og stemningsleie.  

BB-brillene bør som generell regel ikkje brukast på dagtid, bortsett frå når ein ønskjer å endre døgnrytme slik som ved tilpassing til ny tidssone der ein vil minimere jet-lag symptom, eller ved spesielle situasjonar der dette er avtalt med ansvarleg lege. 

Hugs at

BB-briller filtrerer bort meir enn 99 prosent av blått lys. Dersom ein nyttar mørketerapirom i staden for BB-briller og bruker mobiltelefon eller anna skjerm etter at mørkeperioden har starta, ein bruke BB-briller eller skjermen må ha deksel med blåblokkeringsfilter. (Nattmodus på skjerm tek ikkje bort alt blått lys). 

Tryggleik

  • BB-brillene må ikkje brukast dersom ein er førar for eit kjøretøy eller farlege maskinar, eller i situasjonar der det er viktig å vere svært oppmerksam. 
  • Aldri sjå direkte på/mot sola medan du bruker BB-briller, og unngå òg ekstremt sterkt lys, fordi mørkebrillene òg svekker pupillerefleksen under bruk. 
  • Ved depresjon bør du diskutere bruk av BB-briller med lege/ansvarleg behandlar, og det blir rådd ifrå å starte mørke-perioden (når brillene blir tatt på) tidlegare enn 2 timar før leggetid, om ikkje anna er avtala.  

Biverknadar

Det er rapportert lite biverknadar under virtuell mørketerapi, kun hovudverk som går over og uønska mykje tap av energi eller lette depressive symptom som vert heva ved å korte ned på mørkeintervallet eller avslutte mørketerapien. 

Bipolar liding manisk episode 

Ta på BB- brillene kl. 18. Dette vil hjelpe deg å finne roen på kvelden før leggetid. Ha brillene på heile tida før lyset på soverommet er sløkt. Når det er mørkt kan du ta av brillene. Sørg for å ha det så mørkt på soverommet som mogeleg. 

Om du vaknar på natta eller før kl. 08 må du ta på brillene med ein gong, og alltid før lyset blir skrudd på. Kl. 08 bør du likevel ta av brillene for ikkje å forskyve døgnrytmen mot «B-rytme» (sovne seint på kvelden og sove lenge på morgonen). 

Følg prosedyren

Det er svært viktig at du følgjer denne prosedyren nøye til du er heilt ute av manien. Uregelmessig bruk under ein manisk episode vil gje tap av effekt og tilbakefall grunna ny aktivering frå lys og forstyrra døgnrytme.  

Dersom dette likevel skjer, blir det tilrådd å gjenoppta prosedyren med å ha på BB-briller, eller ha mørkt rom i perioden kl 18-08 så lenge ein har maniske symptom. 

Pasienterfaringar

Når ein blir bedre frå dei maniske symptoma kan depressive symptom komme eller bli meir framtredande. Pasienterfaringar seier at virtuell mørkebehandling kan ha god effekt mot angstsymptom (frå indre uro til sterk angst), òg når depressive symptom dominerer. Likevel kan det vere for tidleg å ta på brillene kl. 18 dersom ein ikkje lenger har den maniske overaktiveringa. Dette vil merkast ved at energien blir ubehageleg låg.

Når du blir betre

Akkurat som at det kan vere trong for å redusere visse typar medisin når ein begynner å bli bedre av ein manisk episode, bør mørkeperioden kortast ned ved bedring frå mani. Dette blir gjort ved at tidspunktet for når ein tek på BB-brillene gradvis blir utsett til kl. 19, kl. 20 og kl. 21.   

Bruk av medisinar

Om du bruker medisin, må du ikkje la vere å bruke desse fordi du har begynt med BB-briller. Likevel kan behovet for medikamentell melatonin endrast, sidan virtuelt mørke fremjer eigenproduksjonen av dette viktige hormonet.  

Vidare behandling

Om du bruker BB-briller etter utskriving, bør du informere behandlande lege eller psykolog om dette. Denne behandlingsmåten påverker fysiologien din, og vil ha betydning for heilskapen i behandlinga di. Det er òg viktig at din behandlar kan observere effekt og gje råd om rett bruk. 

Sist oppdatert 26.03.2026