Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barnevernsteneste

Barnevernet si hovudoppgåve er å ta vare på dei mest utsette barna. Dei skal beskytte barn mot omsorgssvikt og sikre barn tryggleik og utviklingsmoglegheiter. Dersom barnevernet blir kjent med bekymring for eit barns omsorgssituasjon, eller med barn som viser alvorlege atferdsproblem, har dei ei lovbestemt plikt til å undersøke korleis barnet har det, og om nødvendig sette i verk tiltak. Barneverntenesta skal sørge for at barn og unge med psykiske helseplager blir fanga opp tidleg og får den helsehjelpa dei treng, enten i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta.

Skikkelse
Sist oppdatert 05.03.2023