Råd til foreldre

Om du blir bekymra for barnet ditt er det som regel ein grunn til det. Tidleg hjelp kan auke sjansen for at barnet ditt raskare vert betre. Ta kontakt med helsesjukepleiar, psykisk helsehjelp i kommunen eller fastlegen. Dei kan hjelpe deg.

​Det er naturleg å vere usikker på om barnet ditt har behov for hjelp eller ikkje. Dersom du ønskjer nokon å snakke med om bekymringa di kan du ta kontakt med helsesjukepleiar eller fastlegen til barnet/ungdomen. Dei kan gi deg råd om kva som er lurt å gjere og kva som er god hjelp for plagene barnet ditt har. 

Kommunen har ansvar for å gi psykisk helsehjelp til barn og unge, men tilbodet er ofte ulikt organisert i de forskjellige kommunane. Du finn informasjon om det psykiske helsetilbodet i kommunen på deira heimeside. ​​

Sist oppdatert 09.01.2025