Skule
Skulen si rolle er å sikre at alle elevar får eit inkluderande læringsmiljø der dei kan meistre, lære og utvikle seg. Skulen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ansvar for å sikre eit godt psykososialt miljø og skal sette inn tiltak ved behov. Ved uro for ein elev si psykiske helse eller utvikling, må skulen samarbeide med eleven, føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at eleven får rask hjelp og nødvendige tiltak.
Her finn du informasjon om skulane si rolle innan forløpa for barn og unge med psykiske helseplager.
Autismespekterforstyrring hos barn og unge
Merksemdsvanskar og uro hos barn og unge
Spisevanskar og spiseforstyrring hos barn og unge
Sist oppdatert 05.03.2023