Barnediabetes-teamet:

Mottok internasjonal pris

Helse Fonna er heilt i toppen nasjonalt med å betre behandlinga for barn og unge med diabetes – no er vi det også internasjonalt.  Teamet vårt gjekk heilt til topps på konferansen til SWEET- prosjektet.

Publisert 18.10.2022
Sist oppdatert 21.10.2022
Dame og mann som skjærer kake.

Heiko Bratke, som er overlege ved barneavdelinga, deltok på den årlege konferansen til verdas internasjonale barnediabetes register (SWEET). Han vendte tilbake med ei internasjonal utmerking på vegner av avdelinga og som leiar av diabetes-teamet ved Haugesund sjukehus.
Diplom for pris om diabetesbehandling.










Best Improvement Prize Award 2022  ​

T​idlegare i år sendte barnediabetes-teamet  inn ein søknad for å delta i konkurransen og måtte oppfylle særskilte kriterium som kandidat for prisen. Å vise til «improvement» eller «betring» i behandlingsprogrammet for barn og ungdom med diabetes er heilt grunnleggande for å delta her. No har barneavdelinga i Haugesund vunne den internasjonale prisen.

Barneavdelinga i Haugesund har sidan mai 2019 gjort ein stor innsats for å betre helsa til unge med diabetes type 1. Resultatet av dette er at delen av barn med HbA1c under 7,5 % (58 mmol/mol) har gradvis auka frå 70 % i 2019 til 85,1 % i august 2022.


* Tala ovanfor er eit utdrag frå barneavdelinga sin søknad til  «Best Improvement Prize Award 2022».

I løpet av dei siste åra har Barnediabetes-teamet i Haugesund blitt ei stabil og tverrfagleg arbeidsgruppe med merkbart auka kompetanse. Dette er i tråd med SWEET- prosjektet og prinsippa om kontinuerleg kvalitetsforbetring. 

Kvart år er det ca. 20-30 barn i Helse Fonna som får diagnosen type 1 diabetes. Barnediabetes-teamet leverer omfattande helsehjelp til ca. 160 barn og ungdommar med alle typar diabetes opp til 18 år. Teamet har sidan 2017 redefinert sine interne mål for behandling av unge med type 1-diabetes.  Behandlinga blir vidare tilrettelagd i samspel med omsorgspersonar, og pasientane er under tett oppfølging dei første 6 månadene.

​Med denne behandlingsmetoden jobbar teamet for å betre helse og livskvalitet til barna. ​
Leger og sjukepleiarar.













Vart heidra: Barnediabetes-teamet ved Haugesund sjukehus. Bak frå venstre: Helge Fredrik Lekven-Johnsen (sjukepleiar), Linda Rushanovski (sjukepleiar) og Inghild Hovland (sjukepleiar). Framme frå venstre: Grete Vigemyr (barnelege), Sverre Sigurd Johansen Lamens (barnelege) og Heiko Bratke (barnelege). Foto: Elisabeth  Økland

Eit målretta team​​

– ​ Vi er eit samkjørt og målretta team som alltid jobbar for å betre arbeidsrutinane våre, og vi har lært kvarandre å kjenne som kollegaer – slik at vi saman kan få ting gjort til det beste for pasientane, seier Heiko Bratke.

Dette er absolutt ein fordel i arbeidskvardagen, og han påpeikar vidare  at kollegaene på teamet er frie til å diskutere behandlinga breidt seg imellom. Vi har brukt mykje tid på at teamsamarbeidet skal fungere, noko som bidrar til  at vi har moglegheit til å gi pasientane så gode resultat av behandlinga.

Både legar og sjukepleiarar utgjer ei viktig rolle i teamet, og i eit mindre team som  hos oss har ein også fordelen av å raskt «sjå resultat». I ei større avdeling kan prosessen ta lengre tid, påpeikar overlegen. 

Meir kvalitet

I år blei  konferansen for barnediabetes (ISPAD) arrangert i Abu Dhabi. SWEET er ein arena med eit internasjonalt fagmiljø og nettverk som bidrar til utvikling i behandlinga av diabetes.

Helse Fonna er den einaste norske barneavdelinga som er medlem i SWEET- nettverket. Tildelinga av medlemskapet i 2017 blei grunna med at  HbA1c-resultata våre er på 5.plass av alle diabetesavdelingar i verda. I 2021 mottok også barnediabetes-teamet vårt ​Kvalitetsprisen i Helse Vest. 

Les saken om når dei vant

Meir om SWEET-prosjektet

SWEET​ vart starta i 2008 som eit prosjekt finansiert av EUs folkehelseprogram. Det har sidan  utvikla seg til eit uavhengig nettverk som består av sertifiserte diabetessenter og veks seg større på tvers av kultur- og landegrenser. Grunnsteinen i SWEET- nettverket er eit felles mål om å styrke/ betre kvaliteten og redusere skilnader i behandlingstilbodet til barn og unge med diabetes. Det inneber vidare kriterium for sertifisering, internasjonale retningslinjer og kvalitetskontroll for deltakarane i programmet.​