Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Aktiv overvåkning testikkelkreft
Dersom du har låg risiko for tilbakefall av testikkelkreft, kan det beste alternativet vere aktiv overvaking med jamlege kontrollar, blodprøver og MR-undersøkingar. Dette gjer vi for raskt å påvise eit eventuelt tilbakefall.
Det er ingen førebuingar i forbindelse med behandlinga.
Under
Ved aktiv overvaking går du til regelmessige og hyppige legekontrollar der det blir tatt blodprøver og gjort billedundersøkingar. Dette skal bli følgt opp i minst fem år. Dersom det blir påvist tilbakefall, vil behandling straks bli sett i gang. Behandlinga følger internasjonale retningslinjer.
Fordelen med dette behandlingsalternativet er at du får nødvendig behandling. Ulempa er at dei som får tilbakefall, ofte må gjennom behandling med 3–4 cellegiftkurar, og nokre må bli operert for å fjerne restar av svulstvev som kan vere igjen etter cellegiftbehandlinga. Cellegiftkurane er som regel av same type som dei som vi gir førebyggande. Nokre gonger kan tilbakefall bli behandla med operasjon aleine.
Nesten alle pasientar med tilbakefall blir friske. Behandlinga er ganske intensiv, og den medfører ein viss risiko for varige biverknader.
Etter
Aktiv overvaking blir avslutta etter 5–10 år, avhengig av kva type testikkelkreft du har. Vidare oppfølging får du hos fastlegen.
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.
På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.
Kantina i 6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.
Opningstider: Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.
Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.