Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Akutt funksjonssvikt

Akutt funksjonssvikt er ikkje ein sjukdom, men ei samling symptom og ein vanleg grunn til innlegging på sjukehus.

Symptom

Akutt funksjonssvikt inneber at pasienten i løpet av kort tid (dagar til nokre få veker) har fått vesentleg redusert evne til å klare grunnleggjande daglege gjeremål. Dette kjem vanlegvis av ein akutt oppstått sjukdom eller ei akutt forverring av ein kronisk sjukdom.

Det typiske er at det i løpet av 1–2 veker skjer ei klar forverring innanfor eitt eller fleire av desse områda:

  • fall– og falltendens og/eller redusert mobilitet (som å ikkje komme ut av senga)
  • dehydrering og underernæring (får ikkje i seg vått eller tørt)
  • utvikling av delirium (akutt forvirring, akutt endring eller tap av kognitiv funksjon)
  • inkontinens (urinlekkasje)

Funksjonssvikt har to årsaker:

  • sjukdom/skade eller
  • aldring, og aldring skjer langsamt

Det vil seie at akutt funksjonssvikt alltid har element av sjukdom/skade.

Organreservar til eldre menneske kan vere svekte i stor grad, og responsen på ein akutt sjukdom er langt mindre organspesifikke enn hos yngre. Ofte vil det første teiknet berre vere ei svekt evne til å klare seg sjølv i dagleglivet («akutt funksjonssvikt»).

Utgreiing

Akutt funksjonssvikt viser seg ved akutt, og ofte alvorleg sjukdom hos eldre personar. Pasienten blir derfor som regel tilvist til utgreiing på sjukehus av fastlege eller anna helseteneste.

Akutt funksjonssvikt kan ha ei rekkje ulike årsaker. Nokre av dei vanlegaste er:

  • infeksjonar (lungebetennelse, urinvegsinfeksjon, blodforgifting med meir)
  • hjarte-kar-sjukdom (hjarteinfarkt, hjarterytmeforstyrringar, hjartesvikt med meir)
  • blodpropp i lunga
  • anemi (låg blodprosent)
  • nyresvikt
  • forstyrringar i saltbalansen i kroppen
  • hjerne-/kar-sjukdom (hjerneslag)
  • kreft
  • alkoholrelaterte problem
  • skadar (brotskadar)
  • legemiddelbiverknadar

Pasientane treng ei rask, målretta og tilstrekkeleg omfattande utgreiing for å finne årsaker til sjukdom eller skade. Det kan ofte vere vanskeleg å stille diagnosen hos eldre personar ettersom symptoma er uklare/diffuse.

Det er nødvendig med ei grundig og fullstendig somatisk undersøking. Dette inkluderer ei nevrologisk undersøking, vurdering av sår, status på hud og tenner. Det bør spesielt rettast merksemd mot smerteproblematikk, som bør vurderast grundig og behandlast etter gjeldande retningslinjer.

For å stille diagnosen er det ofte nødvendig med ulike undersøkingar. Det inkluderer blodprøver, EKG, urinprøve, andre mikrobiologiske undersøkingar og røntgenundersøking (røntgen thorax). Ved nevrologiske symptom inngår CT eller MR av hjernen i utgreiinga.

Pasientar med akutt funksjonssvikt har nytte av ein heilskapleg, tverrfagleg og teambasert utgreiing, behandling, og rehabilitering. Det tverrfaglege teamet består ofte av lege/spesialist i indremedisin og geriatri, sjukepleiar, hjelpepleiar, fysioterapeut og ergoterapeut med relevant kompetanse/erfaring innanfor geriatri. I tillegg kan det vere aktuelt med ernæringsfysiolog, sosionom og logoped.

Behandling

Den utløysande årsaka til funksjonssvikten skal behandlast så langt det er mogleg.

Som regel trengst

  • grundig gjennomgang av legemiddellista
  • optimal smertebehandling
  • hjelp til å rette opp igjen normal fysiologisk balanse (oksygen, væsketilførsel, korreksjon av forandringar i blodprøvane og så vidare).

Det gir best resultat dersom pasientar blir behandla i ei akuttgeriatrisk eining med systematisk førebygging av komplikasjonar, tverrfagleg utgreiing og tidleg rehabilitering. Dette har vist seg å kunne bidra til redusert dødelegheit, betra funksjonsstatus, auka mobilitet, betra kognitiv funksjon og redusert behov for opphald i institusjon. Den er mest effektiv dersom ho blir tilbode kort tid etter innlegging og til pasientar som kan ha ein sjanse til å returnere til eigen heim.

Behandlingsstrategien inneber også tidleg planlegging av utskriving, spesielt med tanke på om pasienten kan skrivast ut direkte til heimen eller har behov for døgnbasert korttids- eller rehabiliteringsopphald.

Oppfølging

Forløpet er avhengig av mange ulike faktorar, men jo tidlegare dei utløysande årsakene blir identifiserte og behandla og jo tidlegare ein kjem i gang med aktiv gjenopptrening, desto større er sjansen for at pasienten vinn tilbake det tidlegare funksjonsnivået sitt.

Sist faglig oppdatert 09.09.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak, Haugesund

Kontakt Akuttmottak, Haugesund

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

Ein stor bygning omringa av mange hus

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for pasientar, besøkande og tilsette.

Opningstider kantine

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt i helger og på heilagdagar.

Pasientkantine i 4 og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga du høyrer til.

Du finn ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider kiosk

Måndag-fredag: 06.30-21.00 
Laurdag: 09.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.