Dersom du har akutt skade, som mogleg brot-, sår- og kuttskade eller brannskade, kontaktar du fastlege eller legevakt for undersøking og eventuelt vidare tilvising til akutt skadepoliklinikk.
Akutte brot-, sår- og kuttskadar
Akutt skadepoliklinikk behandlar akutte brot, sår- og kuttskadar i samsvar med vurdering av hastegraden.
Tilvising og vurdering
Du blir tilvist til oss via fastlege eller legevakt, dersom du har fått ein akutt skade som må vurderast eller behandlast i spesialisthelsetenesta.
Utgreiing
Behandling
Dersom vurdering etter røntgen viser at du ikkje har behov for behandling, kan du reise heim. Ved behov for ytterlegare oppfølging er det fastlege / tilvisande lege som må kontaktast.
Du må rekne med ventetid både til røntgen og eventuell undersøking/behandling på akutt skadepoliklinikk. Ventetid avheng av pasientpågang og hastegrad.
Oppfølging
Dersom undersøkinga har avdekt at det ikkje er nokon skade er det ingen kontroll vidare i spesialisthelsetenesta. Da må du eventuelt ta kontakt med fastlege om det ikkje blir betre.
Ved påvist brot blir du følgt opp ved ortopedisk poliklinikk med kontroll. Hyppigheit og oppfølging avheng av skade.
Ved brot som krev operasjon, blir du tilvist til operasjon og innkalla på eit seinare tidspunkt, dersom du ikkje blir innlagd akutt i samband med skaden.

