Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Allergivaksinering av barn og unge

Allergivaksinering blir og kalla hyposensibilisering eller spesifikk immunterapi. Dette er aktuelt ved kraftig allergi, særleg mot pollen og bie- og vepsegift, men unntaksvis også mot dyrehår eller husstøvmidd.

Barnet må vere over fem år og ha hatt symptom på problematisk allergi over minst to år. Det må ligge føre positiv allergitest (prikktest eller blodprøve) på aktuelle allergen.
Prinsippet for behandlinga er å tilføre allergenet (det ein er allergisk mot)  regelmessig over lang tid (3 år, evt. 5 år), og dermed endre kroppen/immunforsvaret sin reaksjon på allergenet ved «vanleg» kontakt via hud/slimhinner. Ein vel då ut eitt eller to allergen som utgjer hovudproblemet.

Før

Dersom barnet/ungdomen har ein infeksjonssjukdom (forkjøling, influensa, bronkitt eller liknande) dei siste tre dagane før planlagt vaksinasjon, må vaksineringa utsetjast. 

Blir du sjuk eller hindra frå å møte opp, skal du kontakte oss og avtale ny tid.

Under

Ved behandling av bjørk-, gras-, katt-, husstøvmidd-allergi osv. blir dette gjort i form av injeksjonar (sprøyter) i overarma. Det er vanleg at dette går føre seg som opptrapping med ei dose kvar veke i sju veker. Deretter gradvis overgang til ei dose annakvar månad i tre år. Dei første gongane får ein to-tre sprøyter med 30 minutt mellomrom. Ein behandlingsdag kan då ta omlag to timar.

Ved behandling av graspollenallergi kan dette også gjerast i form av smeltetablettar med graspollen-ekstrakt (Grazax) dagleg over tre år. Første tablett blir teke under observasjon på poliklinikken, og ein kan normalt forlate avdelinga etter 30 minutt. Vanlege biverknadar er kløe/svie/ubehag i munnhola nokre minutt etter inntak. Behandlinga elles foregår heime med kontroll hos lege ei stund etter oppstart og i etterkant av graspollensesongen.

Etter

Det er under heile behandlinga ein risiko for at vaksinasjonane kan utløyse allergisymptom, særleg under den første delen med doseøkinga.  For sikkerheits skuld skal barnet difor alltid vere på avdelinga for observasjon i 30 minutt etter kvar vaksinasjon. Vi gjer eventuelt lungefunksjonstest (PEF) før og etter vaksinasjon. Dei mest vanlege biverknadane er hevelse/kløe/ubehag på innstikkstaden. 

Vi anbefaler at ein ikkje driv fysisk aktivitet/høgintens påkjenning på vaksinasjonsdagen. Ved biverknader ut over kløe/ubehag på innstikkstaden bør dette behandlast med allergimedisin, eventuelt kontakt lege.

Sist faglig oppdatert 08.02.2023

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund