Salve ved forstopping
Ved forstopping kan du spørje legen din om du bør prøve avføringsmiddel. Salver med glyseroltrinitrat (Rectogesic) hjelper mange. Verkestoffet utvidar blodårane slik at blodtilførselen til anus blir betra og såret gror.
Legemiddelet blir smurt tynt på i anus. Legen må skrive ut dette legemiddelet på resept.
Hovudverk er ein biverknad hos rundt ein firedel, men han går som regel over etter eit par vekers behandling.
Injeksjon
Botulinumtoksin A kan givast som injeksjonar i lukkemuskelen til endetarmen. Dette får muskelen til å slappe av, og somme legar tenkjer derfor at det kan bidra til at analfissurar gror. Forskinga kan likevel ikkje fastslå at det verkar.
Biverknader av injeksjonen kan vere lette bløding og smertar. Rundt 6 av 100 blir så slappe i lukkemuskelen at dei ikkje klarer å forhindre at luft kjem ut. Dette kan vare i rundt to veker.
Rundt 4 av 100 har tilsvarande problem med å halde på avføringa.
Det er risiko for å få tilbake analfissuren etter behandling med salve eller injeksjon.
Kirurgisk behandling
Ved den vanlegaste typen operasjon lagar ein eit lite kutt i lukkemuskelen slik at han ikkje strammar seg så mykje. Dette blir kalla ein intern anal sfinkterotomi. Denne operasjonen blir berre gjord i sjeldne tilfelle der ein ikkje kjem til mål med anna behandling. Dette fordi det er ein stor risiko for at ein blir inkontinent for avføring, det vil seie at du ikkje klarer å halde på avføringa og må bruke bleie. Mange får også problem med å halde på luft. Desse problema forsvinn likevel oftast ganske raskt.
Ei anna operasjonsform er å sy frisk hud over fissuren. Dette blir sjeldnare gjort og ikkje ved alle sjukehus.