Diagnose
Angst, barn og unge
Angstlidingar er den vanlegaste psykiske helseplaga blant barn og ungdom. Ein reknar med at rundt 20 prosent av barn og unge slit med symptom på angst. Tre til fem prosent har så alvorlege plager at dei får diagnosen angstliding. I dag finst gode metodar for å hjelpe barn og ungdom med å meistre angst.
Det finst forskjellige typar angst. Fellestrekk er ei kjensle av redsle, sterkt ubehag og at du ikkje kan kontrollere det som skjer med deg. Nokre gonger kan du oppleve det som om angsten kjem heilt plutseleg. Angst kan kjennast ved at du får hjertebank, skjelving, pustevanskar eller at du trur du skal besvime eller kaste opp. Det er ikkje farleg å ha angst, sjølv om det kan kjennast slik.
Det viktigaste kjenneteiknet på angst er at du unngår situasjonar som vekker ubehag. Dette er med på å oppretthalde angsten, og kan vere det største problemet i det daglege fordi det gjer det vanskeleg å ha det bra i barnehage/skule, eller saman med familie og venner.
Nokon får angst av bestemte ting eller situasjonar, som sprøyter, edderkoppar, ta heis eller vere i store folkemengder. Bekymringar, rastløyse, uro og irritabilitet utan at du veit kva du er redd for er også ein form for angst. Nokon får også plutselege panikkanfall. Det er vanleg å dele angst inn i ulike typar: seperasjonsangst, fobiar, sosial angst, generalisert angst, panikkangst og tvangslidingar. Seperasjonsangst og spesifikke fobiar er dei vanlegaste formene for angst hos barn i førskulealder og tidleg skulealder. Sosial angst, generalisert angst og andre angstlidingar kjem vanlegvis etter tiårsalderen.
Kor får eg hjelp?
Viss du er barn eller ungdom og strevar med angstsymptom, kan du snakke med kontaktlærar eller sosiallæraren på skulen. Dei kan gi deg råd om kor du kan få hjelp. Du kan også snakke med helsesøster på skulen eller helsestasjon for ungdom hvis kommunen din har det. Det finst også hjelpetelefonar for barn og ungdom der du kan ringe og få råd.
Viss du er forelder til eit barn eller ungdom som har angstsymptom, kan du søke råd hos helsesøster eller fastlege. Du kan også ta direkte kontakt med psykisk helseteneste eller kommunepsykolog viss kommunen har det. Dei vil hjelpe deg og gi råd om hva som er lurt å gjere.
Tilvising og vurdering
Helsesøster, psykisk helseteeneste i kommunen, kommunepsykolog og fastlegen har kunnskap om behandling av angstliding. Dei vil vurdere behovet for behandling i kommune eller BUP. Fastlegen er den som oftast tilviser til BUP. Psykolog i kommunen eller barnevernstenesta kan også tilvise, men det er tilrådd at fastlege legg ved relevante helsedata.
Utgreiing
Utgreiing av angstlidingar skjer ved poliklinikken i BUP. I første samtale lagar vi ein plan saman med barnet/ungdommen og eventuelt føresette. Utgreiinga vil mellom anna vere samtalar med barnet/ungdommen og føresette, utfylling av ulike spørreskjema og legesamtale. Det er viktig å finne ut korleis angstsymptoma verkar inn på barnet/ungdommen i barnehage/skule, heime og på fritida.
Etter at utgreiinga er gjennomført, får barnet/ungdommen og føresette tilbakemelding om det er grunnlag for diagnose og behov for behandling i BUP.
Behandling
Behandling av angst handlar om å lære seg å meistre angsten. Kognitiv atferdsterapi er den best dokumenterte behandlinga for angstlidingar. Behandling kan gis individuelt eller i gruppe. I behandlinga inngår:
- Opplæring til barnet/ungdommen og føresette om kva angst er og kva som hjelper når du har angst.
- Trening i å tenke annleis om det som utløyser angsten og utvikle betre meistringsstrategier.
- Eksponering og øvingar: Ved hjelp og rettleiing frå ein behandlar lærer du å gradvis nærme deg det som gir deg angst. Dette kan være krevjande, men gir god effekt.