Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ankel, kikkhullsoperasjon

Sjukdommar og skadar i ankelleddet kan vere skadar i brusk, sener, inneklemmingstilstandar, betennelse i leddhinne og frie lekamar. Ein kikkholsoperasjon vil gi svar på kva som er galt med ankelen, og gi moglegheit til å behandle sjukdommen eller skaden.

Ankelleddet blir utsett for sterke krefter både under vanleg aktivitet og sport. Det kan oppstå skadar i leddband, brusk og sener, som gir smerter, hevelse og redusert stabilitet. Etter kvart kan slike skadar gi slitasje med aukande stivleik og smerter.

Ankelleddet kan også bli angripe av gikt eller andre leddsjukdommar.
Målet for utgreiinga og behandlinga er at du skal få ein god leddfunksjon og så lite plager som mogleg. Behandlinga kan bestå av medisinar, trening, og/eller kirurgisk behandling som kikkholsoperasjon i leddet.

Tilvising og vurdering

Du blir tilvist til sjukehus for utgreiing og behandling av helsepersonell med tilvisingsrett. Der det er mistanke om bruskskade eller andre leddsjukdommar, bør pasienten bli tilvist tidleg. Vi prioriterer å vurdere desse pasientane så raskt som mogleg. 

Dersom det er mistanke om alvorleg leddtilstand, infeksjon, brot eller alvorleg leddgikt, skal pasienten straks bli tilvist til sjukehuset som hjelp.

Før

Under

Etter

Ver merksam

Dersom du blir raud, varm, får større smerter eller at det væsker frå såra i den opererte ankelen i dagane til vekene etter operasjonen, må du eller fastlegen din kontakte oss for ein rask kontroll. Dette er for å utelukke infeksjon eller komplikasjon.

Kontakt

Stord sjukehus Dagkirurgi, Stord

Kontakt Dagkirurgi, Stord

Oppmøtestad

Gå til ventesone utanfor dagkirurgisk avdeling i 2. etasje på Stord sjukehus.

Du må først registrere at du er komen. Dette gjer du på automaten i resepsjonen i 1. etasje, eller på mobiltelefon via SMS-en du får frå oss. 

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.