Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ansiktsskadar – akutte

Årsaker til ansiktsskadar kan vere trafikkulykker, fall, overgrep og idrett. Dersom du har brot i ansiktet, og brotkantane står frå kvarandre, vil du som oftast bli operert.

Tilvising og vurdering

Ved mistanke om brot i ansiktet blir du undersøkt av lege. Dersom fastlege eller legevaktlege finn grunn til å tru at du har fått eit ansiktsbrot, blir du tilvist vidare til undersøking hos øyre-nase-hals-lege eller kjeve- og ansiktskirurg.

Utgreiing

Ved mistanke om brot blir du som regel tilvist til røntgenundersøking. Ved hjelp av bilda vil ein kunne bekrefte eller avkrefte brot. Vurdering og behandling skjer fortløpande.

Behandling

Dersom du har brot i ansiktet og brotkantane står frå kvarandre, blir du som oftast operert. Operasjonen blir gjord for å få beinkantane så godt saman som mogleg, og for å halde dei på plass. For å sikre dette blir det operert inn små titanplater som vi skrur fast med skruar i beinet. Titanplatene treng du som regel ikkje å fjerne.

Informasjon om ulike typar akutte ansiktsskadar

 

Overkjeven er festa mot naseskjelettet, kinnbeinet, augehòla og kraniet.

Brot i overkjeven kan føre til at tennene ikkje passar saman og at bitet endrar seg. I tillegg blir du hoven i ansiktet og kan blø i munnen. Brot i overkjeven på begge sider kan føre til at han kjennest laus og du får ei fjørande kjensle når du bit saman. Som oftast blir pasienten operert for å feste kjeven til faste delar av kraniet med små titanplater. På bildet ser du hovudinndelinga av brot i midtansiktet, ei inndeling som heiter Le Fort I, II og III.

Underkjeven sit opp mot overkjeven og er festa til hovudet med muskulatur og bindevev. Brot i underkjeven merkar du ved endring i bit, vanskar med å bite saman og ofte bløding frå munnen. Tenner kan losne og falle ut. Tenner som har falle ut må du ikkje kaste, men legge fuktig og ta med til tannlege/lege. Vi deler opp brota etter kor i underkjeven dei sit, og avgjer behandlinga ut frå dette.

Augehòla er eit pæreforma holrom med hol der det går blodårar og nervar.

Kinnbeinet er ein del av golvet og sideveggen av augehòla. Tyggemusklane går forbi kinnbeinbogen, og dersom denne blir brekt kan det gi vanskar med å opne munnen.

Den vanlegaste skaden i augehòla er eit såkalla utblåsingsbrot (blow-out fraktur), som vanlegvis involverer golvet og/eller veggen inn mot nasen. Kinnbeinbogen og kinnbeinet blir ofte brekt etter direkte slag mot området. Det er ikkje uvanleg med fleire brot samtidig:

  • brot i nedre augehòlekant
  • brot i ytterveggen i augehòla
  • brot i kinnbeinbogen
Fleire brot

Oppfølging

Etter at du er operert for ansiktsskaden blir du som regel innlagd til observasjon. Kontroll blir avtalt med behandlande lege.

Det tar litt lengre tid å bli frisk av brot i underkjeven enn andre brot. Du blir som regel sjukmeld i cirka to veker.

Du skal vere varsam med å tygge harde ting som nøtter og gulrøter i 8 veker etter operasjonen. Du kan likevel ete mat som krev tyggekraft, for eksempel knekkebrød eller poteter.

Sist faglig oppdatert 24.02.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak, Haugesund

Kontakt Akuttmottak, Haugesund

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for pasientar, besøkande og tilsette.

Opningstider kantine

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt i helger og på heilagdagar.

Pasientkantine i 4 og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga du høyrer til.

Du finn ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider kiosk

Måndag-fredag: 06.30-21.00 
Laurdag: 09.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.