Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

Arbeids-EKG ved Haugesund sjukehus

Arbeids-EKG (elektrokardiogram) gir informasjon om hjartefunksjonen under belasting. Arbeids-EKG blir brukt for å vurdere fysisk kapasitet, vurdere hjartesjukdom og eventuelt effekt av behandling.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell tilvise deg, til dømes til biletundersøkingar (MR, CT eller røntgen). Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til behandling i spesialisthelsetenesta.

Les meir på helsenorge.no

Før

  • Du kan ete ein lett frukost. Unngå mat og tobakk dei siste to timane før testen. Du kan drikke vatn.
  • Ta gjerne med lette treningsklede og joggesko.
  • Dersom det ikkje er gitt anna beskjed skal du ta medisinane dine som vanleg undersøkingsdagen.

Under

Testen vert utført ved at du syklar på ergometersykkel eller går på ei tredemølle. Du skal halde mest mogleg jamt tempo under syklinga. 

Kvart andre minutt aukar belastinga, slik at det blir tyngre å sykle. Blodtrykk blir målt jamleg. For at testen skal bli best mogleg, er det viktig at du ikkje stansar for tidleg.

Testen blir avslutta dersom du får smerter i brystet, eller vi finn teikn på at det er rett å stoppe.

Testen blir utført ved at du syklar på ein ergometersykkel.

Du skal halde så jamt tempo som mogleg under syklinga, og for at testen skal bli best mogleg er det viktig at du ikkje stansar for tidleg. Testen startar med låg belastning som blir auka med eitt minutts mellomrom. Blodtrykket blir målt jamlet.

Testen varer til du blir så sliten at du ikkje klarar meir eller dersom legen finn andre teik til at det vil vere riktig å stanse. Viss du får smerter må du seie i frå om dette.

Ved bruk av tredemølle vil du gå/løpe, medan tempo og stigning blir justert undervegs.

I kvilefasen etter belastninga vil puls og blodtrykk blir fulgt til dei har normalisert seg.

Etter

Vi ser helst at du ventar ei stund etter testen før du reiser heim frå sjukehuset. Du får høyre resultata av testen og råd om kva som bør gjerast, og vi tar oss av den vidare oppfølginga.

Kontakt

Haugesund sjukehus Hjerte poliklinikk

Kontakt Hjerte poliklinikk

Oppmøtestad

Vår poliklinikk ligg i 2.etasje. Bruk heisen ved resepsjonen i første etasje. Ta til høgre når du skal ut av heisen. 
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​