Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En sykepleier øver seg på medisinsk dukke

Hjertepoliklinikk, Haugesund

Vi undersøker og behandlar pasientar med ulike hjartemedisinske tilstandar og sjukdomar etter tilvising frå lege.

Vi undersøker og behandler sjukdommar og tilstandar som:

  • brystsmerter
  • rytmeforstyrringar/hjartebank
  • genetiske hjartesjukdommar
  • hjartemuskelsjukdommar (kardiomyopatiar)
  • medfødde hjartesjukdommar
  • klaffessjukdommar
  • hjartetransplanterte
  • pasientar med alvorleg hjartesvikt/tungpust

Opptak av hjarterytme

Ulik type båndopptakarar som registrerer hjerterytme kontinuerleg mens dei er påkobla, eller utstyr der du som pasient må aktivere ein opptakar når du kjenner hjartebank/rytmeforstyrring.

Kontroll av pacemaker og hjartestartar

Les meir om Pacemaker - kontroll - Helse Fonna HF

TILT-test (vippetest)

Vippetesten brukast til å utgreie kvifor ein uforklarleg svimar av, og har som føremål å undersøke blodtrykk- og pulsregulering i oppreist stilling. Vippetesten blir utført på ein benk som kan vippast til nesten ståande stilling.

Blodtrykksregistrering i 24 timer

Hensikten med testen er å få ein status på ditt blodtrykk på dagtid og om natta, under kvardagsaktiviteter og under fysisk aktivitet. Denne testen tar vi for å bekrefte eller utelukke om du har høgt (eller lavt) blodtrykk, eller om det varierer veldig i løpet av døgnet.

Ultralyd av hjartet (ekkokardiografi)

Denne kan utførast med og uten kontrast, ulik form for belastning, og i nokre tilfelle ved hjelp av scop som blir ført ned spiserøret. Det vil stå i innkallingsbrevet kva type undersøking du skal på.

Ultralyd av hjartet - Helse Fonna HF

Arbeids-EKG

Dette er ein belastningstest på ergometersykkel.

Arbeids-EKG ved Haugesund sjukehus - Helse Fonna HF

Opplæring i eigenkontroll av antikoagulasjonsbehandling

For nokre pasienter som bruker Marevan (Warfarin) vil det vere aktuelt med INR-kurs, der ein får opplæring i eigenkontroll av denne type behandling.

Du kan lese meir om de ulike behandlingene nedst på forsida til hjertepoliklinikken.

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Poliklinikken er stengt i helger og heilagdagar

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vår poliklinikk ligg i 2.etasje. Bruk heisen ved resepsjonen i første etasje. Ta til høgre når du skal ut av heisen og gå til ventesone 2B.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering