Undersøking
Arbeids-EKG ved Haugesund sjukehus
Arbeids-ekg (elektrokardiogram) gir informasjon om hjartefunksjonen under belastning. Arbeids-ekg blir brukt for å diagnostisere hjartesjukdom, for å få opplysningar om kor alvorleg sjukdommen er og for å vurdere effekt av behandling. Dersom blodårene til hjartemuskelen er tronge, vil vi kunne oppdage det ved undersøkinga. Den vert i tillegg brukt for å vurdere fysisk kapasitet. Testen vert utført på ergometersykkel eller tredemølle med gradvis aukande belastning.Før
- Du kan ete ein lett frukost. Unngå mat og tobakk dei siste to timane før testen. Du kan drikke vatn.
- Ta gjerne med lette treningsklede og joggesko.
- Dersom det ikkje er gitt anna beskjed skal du ta medisinane dine som vanleg undersøkingsdagen.
Under
Testen vert utført ved at du syklar på ergometersykkel eller går på ei tredemølle. Ein skal halde mest mogleg jamt tempo under syklinga.
Kvart andre minutt aukar belastninga, slik at det blir tyngre å sykle. Blodtrykk blir måla jevnleg. For at testen skal bli best mogleg, er det viktig at du ikkje stansar for tidleg.
Testen blir avslutta dersom du får smerter i brystet, eller vi finn teikn der det er rett å stoppe.
Testen blir utført ved at du syklar på ein ergometersykkel.
Du skal halde så jamt tempo som mogleg under syklinga, og for at testen skal bli best mogleg er det viktig at du ikkje stansar for tidleg. Testen startar med låg belastning som blir auka med eitt minutts mellomrom. Blodtrykket blir målt jamlet.
Testen varer til du blir så sliten at du ikkje klarar meir eller dersom legen finn andre teik til at det vil vere riktig å stanse. Viss du får smerter må du seie i frå om dette.
Ved bruk av tredemølle vil du gå/løpe, medan tempo og stigning blir justert undervegs.
I kvilefasen etter belastninga vil puls og blodtrykk blir fulgt til dei har normalisert seg.
Etter
Vi ser helst at du ventar ei stund etter testen før du reiser heim frå sjukehuset. Du får høyre resultat av testen og råd om kva som bør gjerast, og vi tar oss av den vidare oppfølginga.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Hjerte poliklinikk
Oppmøtestad
Vår poliklinikk ligg i 2.etasje. Bruk heisen ved resepsjonen i første etasje. Ta til høgre når du skal ut av heisen.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund