Sjukepleiarar (foto)

Hjarteavdelinga

Vi tilbyr diagnostikk og utgreiing av pasientar med angina, hjarteinfarkt, hjartesvikt, alvorlege hjarterytmeforstyrringar og synkope. Vi behandlar også pasientar med akutte tilstandar og behov for overvaking, slik som sepsis, ketoacidose, rhabdomyolyse, KOLS som krev maskebehandling, intox og hjerneslag.

Som pasient hos oss møter du tverrfaglege team med hjartelege (kardiolog), sjukepleiarar og sjukepleiarar med spesialutdanning innan intensiv og/eller kardiologi, helsefagarbeidarar og postsekretær. Vi samarbeider tett med andre avdelingar og andre sjukehus i pasientbehandlinga.


Av dei 20 sengeplassane hos oss er seks overvakingssenger. Vi har ei operasjonsstove for innlegging av midlertidig og permanent pacemaker og eit mottakingsrom for akutt sjuke.


Kontakt

Telefon

Slik finn du fram

Oppmøtestad

2. etasje. Bruk heisen ved Narvesen (heis B), så kjem du rett til avdelinga vår.

Henvend deg i luka til høgre når du kjem ut av heisen.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund